
Psykisk helsevern for barn og unge har ansvar for å gje tilbod til barn og unge i alderen 0-18 år med psykiske lidingar.
Vi vil vere med på å legge til rette for eit heilskapeleg tenestetilbod og brukarmedverknad på individ og systemnivå.
Avdelinga består av: ein sengepost, Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA) og 2 poliklinikkar, Poliklinikken i Volda (BUP) og Poliklinikken i Ålesund (BUP).
Kjerneoppgåver er:
- Utgreiing og behandling
- Utdanning av helsepersonell
- Opplæring av pasient og pårørande
- Veiledning overfor kommunehelsetenesta
- Forskning