Hopp til hovedinnhold
Om oss

Radiologisk avdeling - Volda og Ålesund

Illustrasjon radiologisk avdeling

 

Radiologisk avdeling i Helse Møre og Romsdal, Ålesund sjukehus, kan tilby pasientar eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer) og mammografi (røntgenbilete av bryst).

Brystdiagnostisk Senter (BDS) er ei tverrfagleg eining som er organisert under Radiologisk avdeling, og saman med Kreftregisteret har BDS ansvaret for Mammografiprogrammet i Møre og Romsdal samt for utgreiing og kontroll av brystsjukdomar hjå pasientar busett på Sunnmøre.

Totalt vert det i løpet av eitt år utført ca 100 000 undersøkingar ved avdelinga. I 2003 vart avdelinga fulldigitalisert, med unntak av Brystdiagnostisk senter. Dette vil seie at alle undersøkingar vert gjort digitalt –utan bruk av røntgenfilm – og blir lagra i eit dataarkiv.

Vi deler nettverk med alle sjukehusa i Helse Midt-Noreg. Dersom ein pasient til dømes raskt må overflyttast til St. Olavs Hospital i Trondheim, så vil legar ved St. Olavs Hospital ha tilgang til både bilete og svar så snart undersøkinga er avslutta her.

Stadig fleire av legekontora i distriktet blir også  kopla opp mot sjukehuset i Ålesund. Desse har ikkje tilgang til biletarkivet vårt, men kan få svar på undersøkingar overført elektronisk, noko som gjer at svara blir raskare tilgjengelige for legekontora.

Helseføretaket har akutt-funksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

 

Behandlingseiningar

Organisering

  •  

    Radiologisk avdeling i Helse Sunnmøre er organisert i 3 einingar;  Røntgenavdelinga i Ålesund, Brystdiagnostisk senter (BDS) også i Ålesund og røntgenavdelinga i Volda .

     

    I tillegg har Ålesund ein eigen MR-poliklinikk som utfører undersøkingar på kveldstid.

     

    Radiologisk avdeling i Helse Sunnmøre er organisert i 3 einingar med kvar sin seksjonssjef som igjen er organisert under same avdelingssjef.

     

     

    Avdelingsoverlege Karl RothAvdelingssjef for Radiologisk avdeling: Overlege Karl Roth 

     

     

     

     

     

     

     

    Seksjonssjef for BDS: Overlege Solveig Roth Hoff

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

    Seksjonssjef for røntgenavdelinga Volda:Overlege Sverre Sundalsfoll 

     

     

     

     

     

     

     

     

      

     

     

     

     

     

     

     

     

     

     

Lenker

Kontakt oss

  •  

     

    Røntgenavdelinga, Ålesund  

    Helse Sunnmøre HF
    Ålesund Sjukehus
    6026 Ålesund

    Tlf. rtg.ekspedisjon; 70105540 (telefontid kvardagar 08.00-15:30)

    Epost: Røntgenavdelinga Ålesund

     

    Brystdiagnostisk Senter (BDS), Ålesund

    Helse Sunnmøre HF
    Ålesund Sjukehus
    6026 Ålesund

    Tlf ekspedisjon; 70105700/5701

     

    Røntgenavdelinga, Volda

    Helse Sunnmøre HF
    Volda Sjukehus
    Boks 113
    6101 Volda

    Tlf. rtg.ekspedisjon; 700 58266 (telefontid kvardagar 08.00-10.00 og 14.00-15.30)
    Vaktsentralen (700 58200) kan formidle kontakt utanom dette tidsrom i spesielle høve.

    Epost: Røntgen avdelinga Volda

     

     

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 01.06.2011 01:49 Oppdatert: 01.06.2011 01:42

Solveig Lilleberg

 

Helsefilm.no

 

Filmarkiv på nett med tema om helse, behandling og mestringskunst