Psykiatrien sitt arbeidsfelt er eit svært breitt spektrum av organiske, psykologiske og åtferdsmessige lidingar, pluss funksjons- og utviklingsforstyrringar. Biologiske, psykologiske og sosiale faktorar er viktige aspekt når vi skal diagnostisere og behandle psykiske lidingar.
Kva er psykisk sjukdom?
Grensene for kva som blir oppfatta som eigentleg psykisk sykdom er flytande, men til vanleg tek psykiatrien utgangspunkt i denne definisjonen:
- Normaltilstand
- Pasienten opplever personlege vanskar, kjenner seg i eit kortare tidsrom psykisk uvel og utilfreds.
- Pasienten opplever sjenerande og behandlingskrevjande psykiske symptom. Behandlingen går føre seg hos fastlegen, ein privatpraktiserande psykolog eller ein privatpraktiserande psykiater
- Psykiatrisk sjukdom – behandlinga skjer ambulant hos spesialist eller ved innlegging i ein psykiatrisk klinikk.
Psykiske lidingar kan delast inn i i to grupper – dei psykotiske og dei ikke-psykotiske.
- Psykotiske lidingar.
Ein psykose er ei forvrengd oppleving og tolking av den objektive røyndommen, og pasienten kan ha hallusinasjonar, vrangførestellingar og tankeforstyrringar. Det kan også vere språklege eller rørslemessige forstyrringar. Psykotiske lidingar er blant anna schizofreni, psykosar framkalla av rus, paranoide psykosar og alvorlege depresjonar.
- Ikkje-psykotiske lidingar:
Eksempel på dette kan vere depresjon, angst, fobi, spiseforstyrringar, tvangstankar og tvangshandlingar, sjølvskadande åtferd, kognitive vanskar og demens. Alt dette er ikkje-psykotiske lidingar. I nokre tilfelle er graden av alvor likevel så høg at psykotiske symptom førekjem.
Dei aller fleste psykiske lidingar høyrer heime i gruppa av depresjon, angst, rusmisbruk, personligdomsforstyrringar og demens.
Om psykiske lidingar - diagnosar.
I Noreg bruker vi diagnosesystemet ICD-10 til å klassifisere psykiske lidingar og åtferdsmessige forstyrringar.
ICD står for International Classification of Diseases og er utvikla av Verdas helseorganisasjon WHO.
Klassifiseringa av psykiske lidingar er bygd opp omkring 10 hovudgrupper. Hver hovudgruppe inneheld ei lang rad lidingar og symptom, og graden av alvor i kvar enkelt liding kan variere mykje.
I nokre tilfelle er diagnosane tydelege, medan det andre gonger er kombinasjonar av ulike lidingar og faktorar.
Denne informasjonen er forma som eit oversyn. Difor er det viktig å understreke, at ein - sjølv om ein kan kjenne att eitt eller fleire symptom i sitt eige tilvære - slett ikkje treng å ha ei psykisk liding. Vi skal likevel ta psykiske lidingar på alvor. Difor er det viktig å vende seg til fastlegen sin dersom ein over tid kjenner seg psykisk uvel eller merkar forandringar i sin eigen sinnstilstand.
Ca. 25 % av befolkninga vil oppleve ei form for psykisk liding i løpet av livet. Lidingane kan ha mange former – frå mild depresjon, nervøse tilstandar eller angst til alvorlege psykiske sjukdommer. Hos dei fleste vil ikkje sjukdommen vare lenge, og symptoma og plagene vil ikkje vere mange. Dei fleste pasientane vert såleis heilt friske igjen. Men ei lita gruppe vil oppleve tilbakevendande sjukdomsperiodar eller vedvarande psykiske vanskar, og dei kan ha behov for behandling og støtte resten av livet.
Undersøking og behandling.
Undersøking og behandling skjer poliklinisk eller ved innlegging. KVP - klinikk for vaksenpsykiatri - gir på sjukehusnivå spesialiserte tenester innafor akuttpsykiatri, utgreiing, rehabilitering og alderspsykiatri. I tillegg yter vi eit spekter av spesialisttenester ved KVP sine to DPS - distrikstspsykiatriske senter - i Kristiansund og i Molde både poliklinisk og ved innlegging.
Til vanleg skjer behandlinga ved dei distriktspsykiatriske sentra i den eininga som ligg nærast pasienten sin heimstad. Dette på grunnlag av eit grunnleggjande prinsipp om at behandlinga i minst mogleg grad skal verke inn på integriteten og kvardagslivet til pasienten. Men når innlegging på sjukehus er nødvendig, får pasienten tilbod ved den eininga som har spesiell kompetanse på den aktuelle lidinga.
Behandling av psykisk sjukdom er som klinisk vitskap evidensbasert. Vi nyttar medisinske, psykologiske og sosiale tilnærmingsformer.
Kvar skjer behandlinga?
Behandlinga av psykiske lidingar går føre seg både ved dei to distriktspsykiatriske sentra våre i Kristiansund og Molde, og ved innlegging i ei av dei psykiatriske sjukehuseiningane våre på Hjelset eller Lundavang i Molde. Det er også etablert ulike ambulante team som kan hjelpe kommunehelsetenesta og støtte pasientgrupper som treng samansette tenester.
Korleis går behandlinga føre seg?
Spesialisthelsetenesta skal ha fagleg kompetanse på spesialistnivå innafor ulike valide og standariserte behandlingsmetodar, og nyttar seg både av individuell tilnærming, grupper og familie/ nettverkstilnærming. Vi har eit breitt fagleg samarbeid med kommunane med faste samarbeidsmøte og i konkrete enkeltsaker.