- Utgangspunktet for vurderingane til styret er målsetjinga om å sikre at Helse Møre og Romsdal skal gi eit heilskapleg og likeverdig tilbod til befolkninga i Møre og Romsdal. Dette må ligge til grunn for dette viktige arbeidet vi gjer når vi no skal fatte vedtak for nettopp å sikre kvalitet i tenestene våre der vi tenkjer heilheit for innbyggjarane i fylket vårt. Samtidig må vi organisere tilbodet slik at vi sikrar framtidig rekruttering av spesialistar, seier adm. direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal HF.
- Positive og negative konsekvensar
- Konsekvensvurderingane viser at det både har kome fram positive og negative konsekvensar av dei ulike tiltaka. Det er teke omsyn til både fag, kvalitet og geografi i dei tilrådde forslaga. Det er tilrådd kompenserande tiltak gjennom samarbeid og styring av fagmiljøa på tvers av sjukehusa, auka vekt på ambulant og poliklinisk verksemd ved nedlegging av senger. For å lukkast med dei tilrådde omstillingane, slik at ein unngår negative konsekvensar, vil arbeidet vidare krevje stort leiarfokus framover, seier adm. direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal HF.
Saksframlegget er å finne på helseføretakets styreadministrasjonssider på nettet – sjå:
https://ekstranett.helse-midt.no/1011/default.aspx
Adm. direktør Astrid Eidsvik foreslår følgjande:
1) Kirurgi og ortopedi:
At kirurgisk og ortopedisk vaktberedskap deles slik:
- Kristiansund sjukehus:
- Vaktberedskap innan ortopedi 7 dagar i veka.
- Vaktberedskap innan kirurgi 5 dagar i veka.
- Molde sjukehus:
- Vaktberedskap innan kirurgi 7 dagar i veka.
- Vaktberedskap innan ortopedi 5 dagar i veka.
- Ålesund sjukehus:
- Vaktberedskap innan ortopedi 7 dagar i veka.
- Vaktberedskap innan kirurgi 7 dagar i veka.
- Volda sjukehus:
- Vaktberedskap innan ortopedi 7 dagar i veka
- Vaktberedskap innan kirurgi 5 dager i veka,
At ein må sjå nærare på behovet for senger framover. Målet må vere å redusere sengekapasiteten og legge om delar av sengepostar til 5 døgns drift der dette er mogeleg.
2) Barn og unge:
Psykisk helsevern
Samle døgnplassane (i dag: Ålesund 6 senger, Molde 4 senger) til ei eining - på UPA ved Ålesund sjukehus.
Somatikk – Pediatritilbodet
Videreførar to barneavdelingar, med feriestengd avdeling i Kristiansund for påske og sommarferie.
3) Rehabilitering:
- Tilbodet ved Nevrohjemmet rehabiliteringssenter (som i dag har 14 senger) blir omorganisert og flytta og ivareteke ved at det blir etablert 4 senger ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Ålesund, og 4 senger ved nevrologisk avdeling, Molde.
- Aure rehabiliteringssenter (som i dag har 30 senger) får redusert sengekapasiteten sin med 10 senger frå 1. januar 2012. Denne reduksjonen er først og fremst knytt til tilbodet for ortopediske pasientar.
- Mork rehabiliteringssenter (som i dag har 27 senger) får redusert sengekapasiteten sin med 9 senger frå 1. januar 2012. Denne reduksjonen er først og fremst knytt til ortopediske pasientar og gjestepasientar.
- Det blir etablert ein poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Kristiansund sjukehus. Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering ved Ålesund sjukehus skal syte for drift og legeressursar til poliklinikken.
- Den ambulante verksemda skal styrkast både ved rehabiliteringsinstitusjonane og ved slageiningane i sjukehusa våre.
- Mork og Aure rehabiliteringssenter skal fagleg styrast av avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund.
- Det skal etablerast eit felles inntaksteam for den samla spesialiserte rehabiliteringstenesta i helseføretaket.
For å sikre eit godt samarbeid med kommunane framover knytt til den framtidige drifta av rehabiliteringssentra på Mork og Aure, blir det tilrådd at det blir sett ned arbeidsgrupper med deltakarar frå kommunar, brukarar og helseføretaket for å sjå på framtidig driftsmodell av Aure og Mork. Dette arbeidet bør vere avslutta i 2012. Kva modell ein landar på – framtidig modell i kommunal regi – interkommunal drift – eller samdrift mellom kommune/kommunar og føretaket - vil då bli avklart. Det bør vere ei målsetting at ny drift av Mork og Aure kan bli iverksett frå 2014.
4) Administrasjon:
Reduksjon i 26 stillingar i dei administrative støttefunksjonane i den sentrale stab.
Det blir tilrådd at løn- og rekneskapsfunksjonen blir plassert med hovudadresse i Molde, men med arbeidsstadar førebels både i Molde og Ålesund.
Økonomisk verknad av tiltaka kan summerast slik:
- Akuttfunksjonar kirurgi/ortopedi: ca. 6-7 mill. kroner
- Barn/unge: ca. 9 mill. kroner
- Rehabilitering: ca. 10 mill. kroner
- Administrative funksjonar ca. 15 mill. kroner
- Sum ca. 40-41 mill. kroner
Vaksenpsykiatri Mål: ca. 15 mill. kroner
Småfaga (uavklart)
Laboratoriefaga (uavklart)
For ytterlegare informasjon – kontakt:
- Adm. direktør Astrid Eidsvik – 917 72 495
- Kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund – mobil 900 88 300
Meir om dei ulike arbeidsgruppene sitt arbeid finn du her: http://www.helse-mr.no/no/Aktuelt/Prosjekt/Utvikling-2012/