Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Kommentar til NRK Brennpunkt 11. oktober 2011

NRK Brennpunkt har, i sitt program av 11. oktober, sett fokus på drukningsulykka utafor Kristiansund som skjedde 7. mars 2010. Her er nokre kommentarar til nemnte program frå Helse Møre og Romsdal HF.

- Dette er først og fremst ei tragisk drukningsulykke, som vi ser har vore ei stor belastning for dei pårørande. Den alvorlige hendinga har sett sitt preg på eit heilt lokalsamfunn, slik ho også har gjort det for våre tilsette som var involverte i livberginga, seier adm. direktør Astrid Eidsvik.

- I ettertid ser vi at vi burde hatt ein betre dialog med dei pårørande. Dei pårørande har ein rett til innsyn i lydlogg dersom dei ber om det, seier Eidsvik.

Lære av det som vart gjort
- Vi ser og at vi kunne handtert vår del av redningsaksjonen på ein betre måte. Først og fremst handlar dette no om å lære av det som vart gjort, slik at vi ikkje kjem i tilsvarande situasjon seinare, seier Eidsvik.

- Likevel er det viktig å påpeike at våre tilsette i hovudsak følgde gjeldande rutinar og gjorde ein stor innsats for å berge liv når barna vart bringa til vårt sjukehus. Men vi ser at føretaksleiinga kunne ha sikra betre rutinar, slik at vi kunne ha handtert ei slik krevjande hending på ein betre måte, seier Eidsvik.

- Vi er i ferd med å gå gjennom einskilde prosedyrar, for å forbetre desse og for å lage nye rutinar ut frå dei behov vi ser, seier Eidsvik.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.10.2011 11:32

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her