Både Helse Midt-Noreg RHF og Helse Møre og Romsdal HF skal gå gjennom Helsetilsynets rapport om drukningsulykka utanfor Karihola ved Kristiansund. Kritikken frå tilsynet blir tatt alvorleg.
Slik blir rapporten følgd opp både lokalt i føretaket og regionalt i helseregionen.
- Kritikken som er komen frå Helsetilsynet er så alvorleg, at vi meiner det er grunnlag for å sjå nærare på organiseringa av beredskapen i heile regionen. Vi har oppretta ei regional arbeidsgruppe, som no er i gang med ein brei gjennomgang av både kompetanse, organisering og kommunikasjonsmessige sider ved saka, seier fagdirektør Nils H. Eriksson i Helse Midt-Noreg RHF.
- Vi har no sett ned ei gruppe av fagfolk frå det lokale helseføretaket, som skal sikre at vi får gått gjennom og forbetra våre rutinar. Vi ser svært alvorleg på tilsynsrapporten der det er konkludert med at helseføretaket har brote spesialisthelsetenestelova. Tilsynsrapporten er først og fremst ein alvorleg systemkritikk; at vi ikkje hadde gode nok rutinar for varsling, kommunikasjon og koordinering av ein slik drukningshending., seier fagdirektør Odd Veddeng i helse Møre og Romsdal HF.
Helsetilsynet leverte sin rapport 16. november til Helse Møre og Romsdal HF, som skal svare ut rapporten innan fire veker frå den ble mottatt. Helse Midt-Norge RHF har eit sørgje-for-ansvar i samsvar med lov om spesialisthelsetenester.
For meir informasjon – kontakt:
- Helse Midt-Noreg RHF
- Fagdirektør Nils H. Eriksson – mobil 951 45 747
- Kommunikasjonsdirektør Tor H. Haukås – 934 98 136
- Helse Møre og Romsdal HF
- Fagdirektør Odd J. Veddeng – mobil 482 37 885
- Kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund – 900 88 300