Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Modell for betre samarbeid mellom sjukehusa

UTVIKLING 2012: Arbeidsgruppa for kirurgisk/ortopedisk akutt-tilbod legg fram ein modell som tek vare på akutt-tilbodet ved sjukehusa, med tilpassa helgevakt. – Det vil redusere vaktkostnadar og kan betre fagleg samarbeid mellom sjukehusa, seier fagdirektør Odd Veddeng.

Arbeidsgruppa fikk i mandat frå administrerande direktør å sjå på endringar som kan gjere fagmiljøa meir robuste og gi innsparingar for å nå budsjettkravet som er sett frå Helse Midt-Noreg. Fagfolk frå alle fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal har vore med i gruppa og forsøkt å finne fram til fagleg gode løysingar. Gruppa har vurdert ulike modeller basert på dei krava som ligg i mandatet. Det er semje i gruppa om at modellen som ein no har kome fram til, er den mest relevante.

Tilpassa akuttberedskap på helg
- Vi rår til ei løysing der alle sjukehusa framleis har vakt for akutt og elektiv verksemd i kirurgi og ortopedi på vekedagar. I helgene vil Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og Volda sjukehusa ha tilpassa akuttberedskap, med vaktlag for kirurgi i Molde og vaktlag for ortopedi i Kristiansund og Volda, seier Veddeng, som har leia arbeidsgruppa. Ortopedar ved Molde sjukehus kan da gå inn i helgevaktordninga ved Kristiansund sjukehus, og kirurgar i Kristiansund kan gå inn i helgevaktordninga i Molde.

Nødvendig med fagleg samarbeid
- Dette kan styrkje fagmiljøa og lage meir robuste vaktordningar, samstundes som gruppa meiner at vi har tatt nødvendig omsyn til utdanning av spesialistar, rekruttering og støtte til dei andre faga på sjukehuset, seier Veddeng. Gruppa føreset eit nært fagleg samarbeid mellom sjukehusa, noko gruppa sitt arbeid viser at det er auka vilje til.

- Vi har hatt rom for ulike meiningar, men det har også vore stor vilje til å tenke konstruktivt og fokusere på fagleg samarbeid, fortel Veddeng.

Vil spare på vakt- og vikarkostnadar
Gjennom det faglege samarbeidet på helg let det seg gjere å redusere vaktkostnadar på helg med om lag 1,6 million kroner. I tillegg kjem innsparing på dyr innleie av vikarar/overtid, som er anslått til å vere 4-5 mill. kroner.

- På dette området er det i dag eit meirforbruk til vikarar, slik at vi har håp om at den reelle innsparinga vil vere ein del større enn den budsjetterte, seier Veddeng. Totalt håper ein dermed å spare minst 5-6 mill. kroner på modellen.

- Vi føreset at det ligg ei reell innsparing i modellen, men for mange av gruppemedlemmene har dei faglege fordelane med modellen vore vel så viktig, sier Veddeng.

Sjå nettsidene til prosjektet Utvikling 2012 for meir informasjon om gruppesamansetting, mandat, rapport med meir:
https://ekstranett.helse-midt.no/utvikling2012/default.aspx

For ytterlegare informasjon – kontakt:

  • Fagdirektør Odd Veddeng (leiar av arbeidsgruppa) – mobil 482 37 885
  • Kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund – mobil 900 88 300

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 19.10.2011 09:47

Arnt Sommerlund

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her