Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Pressemelding frå Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal

Brukarutvalet for Helse Møre og Romsdal HF drøfta mandag 24. oktober administrasjonen sitt forslag til oppfølging av føretaksprotokollen av 30. juni 2011 frå Helse Midt-Norge til Helse Møre og Romsdal – oppfølging av Strategi 2020. Brukarutvalet hadde følgjande kommentarar som brukarutvalet sitt vedtak i saka.

 Effektivisering av dei administrative støttefunksjonane

  • Brukarutvalet er samde i administrasjonen sitt forslag til effektivisering av dei administrative støttefunksjonane.
  • Brukarutvalet er opptatt av at innsparinga på 2 stillingar ved Pasientkøyrekontoret ikkje fører til eit svekka tilbod til pasientane. 

 

Organisering av det akuttkirurgiske tilbodet

  • Brukarutvalet er glad for at fagmiljøa på sjukehusa nå konkret viser vilje til samarbeid og at dette ser positivt ut for framtida.
  • Brukarutvalet viser til at gode logistikk- og transportrutinar av pasientar er særs viktig og ber om tilbakemelding frå administrasjonen om korleis dette blir i varetatt.
  • Brukarutvalet ber administrasjonen syte for god kommunikasjon til befolkninga om behandlingstilbodet som sjukehusa gir, for ikkje å skape unødig bekymring i befolkninga.

 

 Framtidig tilbod for barn og unge

  • Brukarutvalet er samde i forslaget til organisering av det framtidige somatiske tilbodet for barn og unge.
  • Brukarutvalet viser til administrasjonen sitt forslag om å samle det framtidige tilbodet for psykisk helsevern for barn og unge og har følgjande kommentarar:
    • Brukarutvalet viser til helseføretaket sine tre verdiar - tryggleik, respekt og kvalitet og viser til at nærleik til behandling, spesielt til denne sårbare gruppa barn som har behov for behandling innanfor psykisk helsevern har stor behov for nærleik til behandlingstilbod.
    • Brukarutvalet er ikkje sikker på at ambulante tenester er dekkjande nok for behovet for denne pasientgruppa.
    • Brukarutvalet er opptatt av at god pasientbehandling er styrt ut frå behov og ikkje ut frå økonomi.
    • Brukarutvalet er av den grunn usamde i forslaget om å samle det framtidige døgntilbodet for psykisk helsevern for barn og unge.

 

Framtidig tilbod innan rehabilitering

Brukarutvalet støtter innstillinga frå adm. direktør om omorganisering av rehabiliteringstilbodet i helseføretaket, men med følgjande klare oppfatningar:

  • Brukarutvalet føreset at ingen tiltak blir avvikla før kommunane har fått etablert kompenserande tiltak og meiner det er feil å bygge ned det spesialiserte rehabiliteringstilbodet før ein ser konturane av samhandlingsreforma.
  • Brukarutvalet ber om at retningslinjene for utskrivingsklare pasientar blir klargjort og er like for heile landet.

                                             

Brukarutvalet kan ikkje godta at plassar for rehabilitering vert lagt ned.

Helseføretaket har i dag og skal også vidare ha ansvaret for den spesialiserte rehabiliteringa i fylket. Denne tenesta er i dag, utanom avdelinga på Ålesund sjukehus, lokalisert til Aure, Nevrohjemmet og Mork. Desse institusjonane gjev eit godt og variert tilbod til brukarane. Dei har kvar sine spesialitetar og.  Til saman så har desse ein kapasitet på ca 70 senger.

At forslaget som ligg føre legg opp til å omorganisering dette før det  er bygd opp eit tilbod i kommunane for pasientar som ikkje treng spesialisert rehabilitering er brukarutvalet ueinig i.

Det er helseføretaka som etter lova skal ha ansvaret for den spesialiserte rehabiliteringstenesta. Brukarutvalet er kjent med at eit utval som er i arbeid med ein slik grensegang og meiner at det ville vere klokt å vente til dette arbeidet er fullført. Å gjere forhasta omstillingar kan påføre brukarane/pasientane skade. Møre og Romsdal ligg alt i dag under landsgjennomsnittet for bruk av døgnrehabilitering.

Brukarutvalet gjer oppmerksam på at det i samband med Samhandlingsreforma er sagt at ingen ting skal leggast ned på sjukehusa før kommunane er sett i stand til å overta det som skal falle på dei.  Brukarutvalet sluttar seg elles til den uttale som brukarrepresentant Karsten Aak gav i arbeidsgruppa for rehabilitering.

I fall styret for helseføretaket Møre og Romsdal kjem til å vedta reduksjonar av sengeplassar og institusjonsnedlegging i tråd med mandat til arbeidsgruppe oppnemnd av administrerande direktør vedkomande framtidig tilbod innan rehabilitering pkt. 1.4 (s. 3), finn brukarutvalet ut i frå ei heilskapsvurdering å ville støtte tilrådinga frå administrerande direktør Astrid Eidsvik.  Det vil seie omorganisering og flytting av Nevrohjemmet og reduksjon av sengekapasiteten ved Mork rehabiliteringssenter og Aure rehabiliteringssenter. 

 

For meir informasjon i samband med Brukarutvalet sitt vedtak:

Leiar for Brukarutvalet i Helse Møre og Romsdal, Hanne Lillian Søvik, mobil 970 62 541

 

Brukarutvalet sin saksadministrasjon på nett finn du her: https://ekstranett.helse-midt.no/1011/brukerutvalg_HMR/default.aspx

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 26.10.2011 11:51

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her