Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Samhandling om rehabilitering i Ålesund

Det var stort publikumsbesøk då helsetilsette frå sjukehus og kommune hadde informasjonsstand på Moa Amfi.

Helsetilsette informerer befolkninga om habilitering og rehabilitering

INFORMERTE PÅ STAND: Ein interessert spørsmålsstiller får svar frå fysioterapeut Solveig Viddal hjå Kollen rehabiliteringsavdeling og avdelingssjukepleiar Randi Spjutøy hjå Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Foto: Helse Møre og Romsdal

 

For femte år på rad går ReHabiliteringsuka av stabelen 24.–28. oktober 2011. Denne nasjonale markeringa har som føremål å bidra til auka merksemd, publisitet og erfaringsutveksling innanfor habilitering og rehabilitering.

I Ålesund hadde Kollen Rehabiliteringsavdeling (Ålesund kommune), Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering og Nevrohjemmet stand (begge Helse Møre og Romsdal) på Moa Amfi frå klokka 11- 16, for å informere om tilbodet i Ålesund. Standen vart godt besøkt og publikum fekk nyttig informasjon både skriftleg og muntleg.

Les også:

Fokus på rehabilitering og habilitering - tilsette på stand i Kristiansund

ReHabuka 2011 - frå barn til voksen

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 27.10.2011 14:00

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her