Når ein far eller ei mor blir alvorleg sjuk, har også barna deira viktige behov som ein må ta omsyn til. Derfor arrangerte Helse Møre og Romsdal og Kristiansund kommune seminar om barn som pårørande.

Om lag 130 personar frå helsevesenet hadde møtt opp for å høyre meir om temaet. Innleiarane var henta frå sjukehus og kommune og hadde ulike typer kompetanse innan dette feltet.
Alle einingar på sjukehus som behandlar pasientar skal ha barneansvarlig personell for å ivareta rettane og behova til barn som pårørande. I helseføretaket har det vore eit eige prosjekt for å få dette på plass.
- Ein kan sjå på barneansvarlege som ressurspersonar som skal passe på at barn blir sett, og blir tekne vare på. Dei kan bidra til å gjere andre helsearbeidarar klar over at dei ikkje berre må følgje opp pasienten, men også pasienten sine mindreårige barn, seier Marita Melbye. Ho har vore prosjektleiar for arbeidet med barn som pårørande ved sjukehusa i Molde og Kristiansund. Ho peikar på at barna kan ha mange spørsmål når far eller mor blir sjuk.
Må kartlegge barna sine behov
- Det kan vere spørsmål som gjeld barna sjølve og familien, f.eks om sjukdomen er dødeleg, har mor eller far smerter, kven skal passe på meg og syskena mine, kven skal vaske klærne mine og lage middag, kor lenge skal mor eller far være på sjukehuset osv, seier Melbye. Ho fortel at spesialisthelsetenesta pliktar å kartlegge mellom anna kven som tek seg av barna til pasientens barn når forelderen er innlagd pga psykisk sjukdom, rusmiddelproblem eller alvorlig somatisk sjukdom eller skade.
- Det kan vere aktuelt at vi i spesialisthelsetenesta bidreg med å kontakte for eksempel skole eller barnehage og informere personalet om familien sin situasjon, om pasienten ønskjer dette. Helsesøster kan også være ei god støtte for barnet og familien, seier Melbye.
Meir om barn som pårørande finn du mellom anna på denne sida