Styret for Helse Møre og Romsdal har starta arbeidet med å rekruttere administrerande direktør for det nye helseføretaket som tek over og erstattar Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal fra og med 1. juli. Fram til adm.dir. tiltrer, er Lars Magnussen konstituert i stillinga.
- Det er naudsynt for styret å konstituere ein adm.dir. Formalitetar skal på plass, vi skal sikre god informasjon om prosessen og gjennom det regionale prosjektet legg vi til rette for samordning og overtaking av helseføretaka. Magnussen skal både vere konstituert adm.dir. og prosjektleiar. Ut frå den kjennskap vi har til han frå tidlegare, er eg trygg på at han vil ivareta denne utfordringa på ein god måte. Vi er møtt med eit åpent sinn hos Helse Midt-Norge når det gjeld vårt behov for personell i fasen vi er nå inne i, seier ein nøgd styreleiar John Harry Kvalshaug i Helse Møre og Romsdal HF.
Ut frå det tidsskjema som er lagt, vonar Kvalshaug at styret for Helse Møre og Romsdal kan tilsette administrerande direktør for helseføretaket i løpet av første del av juni. Ekstern kompetanse vil bli nytta som støtte for styret og tilsettingsutvalet.
Styret sitt tilsettingsutval: John Harry Kvalshaug, Marthe Styve Holte og Charles Austnes (ansattesrepr.). Varamedlemmer er Rigmor Brøste Kjersem og Knut Ivar Egset (ansattes repr.)
På det første styremøtet i Helse Møre og Romsdal HF la ein møteplan for 2011. Styret vil også ha arbeidsmøter der ulike instruksar og retningsliner vil bli forma. Informasjon om styret sitt arbeid finn du på Helse Midt-Norges styreadministrasjon på web. Den finn du her.
Det er også oppretta ei samleside på web med informasjon om etablering av helseføretaket for heile Møre og Romsdal. Den finn du her.