Styret i Helse Møre og Romsdal HF fekk orientering oppfølginga av føretaksprotokollen og dei nedsette arbeidsgruppane. Styret fatta vedtak i saka.
Styret blei orientert om arbeidet i styresak "Sak 2011/40 HELSE MØRE OG ROMSDAL HF – OPPFØLGING AV PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE 30.06.11 ".
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik ga ei orientering om samansetninga av dei ulike arbeidsgruppene, samt mandata til arbeidsgruppene.
Styret fatta følgjande vedtak:
- Styret for Helse Møre og Romsdal HF tek status knytt til oppfølging av føretaksprotokollen av 30. juni til orientering. (vedtatt enstemmig)
- Styret ber om at arbeidsmål for effektivisering av administrative funksjonar vert innstramma og at ein tek i bruk omstillingsmidlar. (vedtatt mot 2 stemmer)
- Styret ber om at administrasjonen set ned ei arbeidsgruppe for å sjå på samordning/samar beid om småfaga i føretaket. (vedtatt enstemmig)
- Styret ber administrasjonen førebu ei sak der ein stiller krav om omstillingsmidlar frå Helse Midt-Norge for å gjere Helse Møre og Romsdal i stand til å gjennomføre/ta ut effektane av fusjonen. (vedtatt enstemmig)
- Styret ber om at det vert sett ned eiga arbeidsgruppe innan vaksenpsykiatri.(vedtatt enstemmig)
- Styret ber om at eventuelt forslag om strukturelle endringar vert klarert med eigar. (vedtatt enstemmig)