Helsetilsynet har konkludert med at Helse Møre og Romsdal HF braut spesialisthelsetenestelova i samanheng med drukningsulykka ved Karihola utafor Kristiansund den 7. mars 2010.
- Vi ser svært alvorleg på tilsynsrapporten der det konkluderas med at helseføretaket har brote spesialisthelsetenestelova, seier adm. direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal HF.
- Tilsynsrapporten er først og fremst ein alvorleg systemkritikk; at vi ikkje hadde gode nok rutinar for varsling, kommunikasjon og koordinering av ein slik drukningshending. Vi sett no ned ei gruppe av fagfolk, som skal sikre at vi får gått gjennom og forbetra våre rutinar, seier Eidsvik.
- Vi ser at kommunikasjonen med pårørande ikkje har vært og nok, og det beklagar vi. Eg vil no gå gjennom dette på ny og ta kontakt med ei pårørande for å følgje opp saka, seier adm. direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal HF.
- Vil vil og gå gjennom og sikre rutinar for å sikre språkkunnskapar ved tilsetjing av helsepersonell, sjølv om tilsynet ikkjen fant at språkferdigheter hadde utslagsgivende konsekvenser for pasientbehandlinga i denne saka, seier Eidsvik.
Frå tilsynsrapporten
Statens helsetilsyn har vurdert helsehjelpa som Helse Møre og Romsdal HF hadde ansvar ved den aktuelle hendinga, og funne svikt på følgjande område:
- varsling, kommunikasjon og koordinering av hendinga var ikkje forsvarleg
- handteringa av dei to pasientane ved Kristiansund sjukehus var ikkje forsvarleg
- sjukehuset oppfølging av dei attlevande har vært mangelfull
- dokumentasjon av hendinga har vært mangelfull
- helseføretakets rutinar for å sikre språkkunnskapar ved tilsetjing av helsepersonell sjåast som mangelfulle
Les meir om rapporten på nettsidane til Helsetilsynet:
"Helse Møre og Romsdal HF har brutt spesialisthelsetjenesteloven § 2-2."