Styret i Helse Møre og Romsdal HF fikk tysdag i forrige uke ei omvisning på Vaksenpsykiatrisk avdeling på Sunnmøre. – Omvisninga stadfeste at psykiatrien har ei riktig utvikling, der stadig fleire pasientar får den hjelpa dei treng, seier styreleiar John Harry Kvalshaug.
Styret fekk i forkant av styremøtet tysdag 24. april ei orientering om verksemda innafor psykiatrien på Sunnmøre då dei vitja Vegsund DPS, som er ein del av Vaksenpsykiatrisk avdeling.
Her presentert avdelingssjef Regina Steinberger mellom anna tal frå Sunnmøre, som viser ei sterk vekst innafor poliklinikk, dagbehandling og ambulante tenester. Samme tendens er også å finne for psykiatrien i Nordmøre og Romsdal.
- Rett satsing
- Talla og opplevingane til fagfolka stadfester at satsinga på poliklinikk, dagbehandling og ambulante tenester innan psykiatrien har vore rett. Stadig fleire får hjelp når dei er psykisk sjuke, utan at dei treng å leggjast inn på institusjon. Det aukar deira sjanse for å takle kvardagen heime hos seg sjølve og fungere godt i deira eige heimemiljø, seier styreleiar John Harry Kvalshaug.

Teamleder Siw Lynghjem (t.h) viser styreleiar John Harry Kvalshaug (nr. til høgre) og resten av føretaksstyret eit av pasientromma på Vegsund DPS.
Alle foto: Arnt Sommerlund/Helse Møre og Romsdal HF.

Avdelingssjef Regiina Steinberger, Avdeling for vaksenpsykiatri, førtel om verksemda i avdelinga si.

Seksjonsleder Ronald Longva førtel om verksemda ved Sjøholt DPS.

Avdelingssjef Oda Vederhus (midten), Psykisk helsevern for barn og unge.
Til venstre på bildet: Merethe Løvik, avdelingssjukepleier.
Til høgre på bildet: Hilde Vevang, seksjonsleiar/overlege