Frå helga 4. februar har Helse Møre og Romsdal ei ny vaktordning for kirurgi og ortopedi i helgene ved sjukehusa i helseføretaket. - Vaktsamarbeidet gir meir påreknelege sjukehustenester, seier fagdirektør Odd J. Veddeng.
Vaktsamarbeidet gjeld frå fredag kl 1600 til måndag kl 0800.
- Pasientar som treng akutt helsehjelp i helgene skal framleis kontakte legevakt/fastlege eller ringe medisinsk nødtelefon 113. Det er desse tenestene som skal sikre at pasientane får det rette sjukehustilbodet, fortel Veddeng . Vaktsamarbeidet skal sørgje for at pasientar kjem til eit sjukehus som har rett spesialist på vakt, anten det er ein ortoped eller ein kirurg.
- I dag har vi nemleg ikkje nok spesialistar slik at vi kan garantere at pasientar kan behandlast av både ortoped og kirurg ved alle dei fire sjukehusa i fylket. Eit vaktsamarbeid gir dermed større tryggleik for pasientane enn ordninga vi har hatt fram til no, forklarer Veddeng.
Anbefalt og forsvarleg
Ei faggruppe med både kirurgar og ortopedar greia ut om vaktordningane i fjor, og gav ei samrøystes innstilling der dei tilrådde dette vaktsamarbeidet. Forslaget vart vedteke av styret i helseføretaket før jul, og etter nyttår har tverrfaglege grupper gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar. Analysane vart gjort for å vise kva for hendingar som kan oppstå som følgje av vaktsamarbeidet, slik at ein kan planlegge kompenserande tiltak.
Tiltak for betre kvalitet
- Deretter er det innført tiltak og laga nye prosedyrar for å gjennomføre vaktsamarbeidet på ein forsvarleg måte, seier Veddeng. Han meiner den faglege gjennomgangen har ein positiv effekt på kvaliteten i tilbodet.
- Vi har ikkje bare fått rutinar for å dekke nye tiltak. Vi har gjennom arbeidet med å førebu vaktsamarbeidet også fått oppretta rutinar der vi før ikkje har hatt det. Såleis vil dette vaktsamarbeidet også bli ei kvalitetsheving av det kirurgiske og ortopediske vaktsystemet, seier fagdirektør Odd J. Veddeng.
For media – kontakt for ytterlegare informasjon:
- Fagdirektør Odd J. Veddeng – mobil 482 37 885
Sjå også: Endring i kirurgisk og ortopedisk vaktsystem