Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

For unge som har mista ein dei er glad i

Unge mellom 17 og 23 år som har opplevd dødsfall i nære relasjonar får no eit tilbod der dei kan arbeide med eigne sorgreaksjonar og utveksle erfaringar med andre i same situasjon.

Det er Helse Møre og Romsdal, med støtte frå Kreftforeninga, som har ei helgesamling i Innerdalen med dette som tema. Tilbodet går til dei som har opplevd dødsfall i nære relasjonar, uavhengig av årsak.
- Samlinga gjer det mogleg å dele erfaringar med andre i ein liknande situasjon, seier sjukehusprest Håvard Ervik. Opplegget er basert på undervisning, gruppesamtaler og felles aktivitetar som Natur og Utfordring AS arrangerar for gruppa. Meininga er at unge i denne aldersgruppa skal få inspirasjon til å arbeide vidare med, og bli betre i stand til å meistre sin egen situasjon.

 

Ei reise inn i di eiga historie

- Innerdalen gir ei flott ramme for samlinga, seier Ervik. Han inviterer til ei reise både ut i naturen og inn i kvar ungdom si eiga historie. Helgesamlinga blir halden 21.-23. september. Utanom Ervik er det med både familieterapeut, kreftsjukepleiar og psykolog i temaet. Undervisning og gruppeopplegg er det psykiatrisk sjukepleiar Wenche Sørbye som står for. Ho har mange års erfaring frå arbeid med grupper for barn og unge.

 

Påmelding

- Interesserte kan melde seg ved å ta kontakt med psykolog Line Lundgaard Lambadarios ved Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) ved Kristiansund sjukehus på telefon 71121733, fortel Ervik.

 

Du finn meir informasjon om samlinga på facebooksida (klikk her) eller ved å sende ein e-post til: helgesamlingforungdom@gmail.com       

Bilete av gruppeleiarane for samlinga

HELGESAMLING: Frå venstre familieterapeut Lars Meek Hansen, kreftsjukepleiar Ragnhild Bjerkås, psykolog Line Lundgaard Lambadarios og sjukehusprest Håvard Ervik. (Foto: Bjørn Sjøflot)

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 06.07.2012 13:32

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her