Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Foreslår å greie ut sju sjukehusmodellar

Adm. direktør. i Helse Møre og Romsdal legg no fram 7 alternative løysingsmodellar for sjukehusstruktur til styremøtet 11. september. Modellane vert lagt fram utan vurdering og vil bli utgreidd og sendt på høring før endeleg styrehandsaming i desember.

Det er omsynet til eit berekraftig sjukehustilbod i framtida som ligg til grunn for modellane administrasjonen no legg fram.

- For å sikre eit berekraftig tilbod er vi mellom anna avhengige av robuste fagmiljø med høg kompetanse. Vi må også kunne drive innanfor dei økonomiske rammene som vi får frå vår eigar. Det er krevjande når vi allereie i dag har store investerings- og driftsutfordringar knytt til sjukehusa våre, seier administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal HF.

Like prinsipp for nord og sør
Prosjektleiar Espen Remme fortel at den prinsipielle tenkinga kring sjukehusa er lik for heile helseføretaket.
- For Ålesund er det avklara regionalt at sjukehuset skal ha eit breitt tilbod. For Volda er det tilhøve knytt til kryssing av fjorden mot Ålesund og samarbeid med Helse Førde som gjør at ein ikkje ser for seg vesentlige endringar ut frå den kunnskapen vi har i dag, seier Remme.

Dei alternative løysingsmodellane omhandlar i denne omgang hovudsakleg avklaringa av sjukehusstruktur i Nordmøre og Romsdal. Her har ein kome fram til sju ulike alternative løysingsmodellar:

  • 0 – Vidare drift som i dag. (Den statlege tidlegfaseveiledaren for sjukehusplanlegging krev at dette alternativet er med)
  • 1 A og 1 B – Trinnvis utvikling av dagens sjukehus – ein by med akuttsjukehus og ein by med dagbehandling og poliklinisk verksemd
  • 2 A og 2 B – Eit nytt felles akuttsjukehus bynært den eine av byane
  • 3 A og 3 B – Eit nytt felles akuttsjukehus "midt i mellom" dagens sjukehus

Tek ikkje stilling no
Det vert ikkje argumentert for eller imot dei ulike alternativa i denne omgang.
- Til neste styremøte 1. oktober skal vi legge fram faglege og økonomiske vurderingar av dei ulike alternative løysingsmodellane, fortel Remme. Styret gav i juni signal om at sikring av kvalitet i tenestetilbodet, likeverdige tenester og god ressursutnytting skal vere berebjelkar i utforminga av framtidas spesialisthelseteneste i føretaket.
- Dette ligg til grunn for vurdering av dei ulike modellane, som ein vil kome nærare tilbake til 1. oktober, fortel prosjektleiar Espen Remme i Helse Møre og Romsdal HF.

Høyring med frist 7. november – høyringsgrunnlag i to omgongar
Basert på styret si handsaming 11. september vil løysingsalternativ verte sendt ut på ekstern høyring. Når vurderingsgrunnlaget er handsama i styremøte 1. oktober vil det også bli med som del av høyringa.
- Høyringsrunden har frist 7. november, fortel Remme. Styret vil handsame innkomne høyringar i styremøte 20. november, for så å ta saka opp til endeleg handsaming 13. desember 2012.

Les meir:

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 05.09.2012 10:35

Arnt Sommerlund

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her