- Helse Møre og Romsdal HF har ei forsvarleg vurdering av pasientar som er
vidareviste frå anna sjukehus. Helseføretaket må likevel sørgje for at den
første ansiennitetsdatoen følgjer pasienten også når denne kjem til nytt sjukehus,
seier fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal HF.
Helseføretaket opplever at oppslag i media kan ha skapt eit inntrykk av at
kreftpasientar, som blir vidareviste frå eit anna sjukehus eller anna avdeling i
same sjukehus, blir nulla ut - på den måten at dei rykker tilbake i køa og dermed
får lengre ventetid.
- Det er ikkje riktig. Det blir gjort ny legevurdering av vidarevisningane. Denne
vurderinga er forsvarleg, og sikrar trygg og god oppfølgjing av pasienten. Pasienten får ny time eller blir sett på ny venteliste med frist ut frå ei oppdatert
medisinsk vurdering. Vi arbeider no med å få endra datasystema og rutinane våre slik
at den første ansiennitetsdatoen kan følgje pasienten gjennom heile pasientgangen,
seier fagdirektør Odd Veddeng i Helse Møre og Romsdal HF.
Les meir om korleis Helse Møre og Romsdal HF følgjer opp overfor Helsetilsynet:
«Tilsyn - Fylkesmannen - rapport - tilsyn med spesialisthelsetjenestens håndtering
og vurdering av henvisninger og utredning av pasienter med tykk- og endetarmskreft (
kolorektal kreft )» - brev av 20. juni 2012.
For media for meir informasjon - kontakt:
- Fagdirektør Odd Veddeng - mobil 482 37 885
- Kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund - mobil 900 88 300