Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Godkjente vedlegg til samarbeidsavtaler med kommunar

Styret i Helse Møre og Romsdal HF godkjente i dag, tirsdag 19. juni, fase 2 av samarbeidsavtalene mellom føretaket og kommunane i Møre og Romsdal. Fase en blei vedteke i januar i år.

Dei siste åtte vedlegg til samarbeidsvtala som blei godkjent er:

  • Samarbeid for å sikre helhetlige og sammenhengende helse- og omsorgstjenester til pasienter med behov for koordinerte tjenester
  • Samarbeid om døgnopphold for øyeblikkelig hjelp tilbud
  • Retningslinjer for gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling og for faglige nettverk og hospitering
  • Samarbeid om forskning, utdanning, praksis og læretid
  • Samarbeid om svangerskaps-, fødsels- og barselsomsorg
  • Samarbeid om IKT-løsninger og elektronisk samhandling
  • Samarbeid om forebygging
  • Samarbeid om praksiskonsulentordningen

Godt forhandlingsklima
Frå februar 2012 og fram til 15. mai 2012 har ei partssamansett forhandlingsgruppe forhandla fram dei resterande vedlegga til Samarbeidsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal HF. Dese skulle vere ferdig innan 1. juli 2012.

Forhandlingsgruppa har hatt fire møter og var då einig om alle forslaga til vedlegg. Vedlegga er sendt ut til alle kommunane i Møre og Romsdal for administrativ og politisk behandling. Forhandlingsklimaet i forhandlingsgruppa har også i denne runda av forhandlingane vore godt.

Partsamansatt utval
Den partssamansette forhandlingsgruppa har bestått av:

  • Ottar Grimstad, Sunnmøre regionråd
  • Olav Aarø, Sunnmøre regionråd
  • Hege-Beate Stornes, ROR
  • Harriet Berntsen, Orkidé
  • Ann Sissel Misund Nedberg, KS
  • Britt Rakvåg Roald, HMR
  • Robert Giske, HMR

Les meir om saka i saksframlegget til styret - på styreadministrasjon for Helse Møre og Romsdal HF.

Les og innhaldet i vedlegga - klikk på samledokumentet.

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 19.06.2012 11:54

Arnt Sommerlund

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her