Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Har utviklingspotensiale – treng teknisk oppgradering

Alle fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal har potensiale for vidare utvikling. Men samla sett treng dei teknisk oppgradering for 1,3 milliard kroner dei neste ti åra berre for å halde standarden oppe. Utvikling og forbetring vil koste meir.

 Samanstilt bilete av dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal

Dette kjem fram i statusrapporteringa for Utviklingsplan for Helse Møre og Romsdal. På oppdrag frå helseføretaket har arkitektfirmaet Narud Stokke Wiig Arkitekter og Planleggere og helseføretaket sine folk kartlagt tilstand for de ulike sjukehusbygga. Dette blir no lagt fram for styret som vedlegg til saka om status for utviklingsplanen.

 

God tilpassingsevne

- Alle sjukehusa med unntak av Molde Sjukehus fungerar godt for dagens føremål og har god tilpassingsevne til funksjonelle endringar. På alle fire sjukehustomtene vil det også vere mogleg å utvide bygningsmassen, seier strategi- og utviklingssjef Espen Remme i Helse Møre og Romsdal. Han peiker likevel på at etterslepet på vedlikehald er stort ved fleire av sjukehusa. Dette gjeld spesielt utskifting og oppgradering av tekniske anlegg, medan overflatevedlikehaldet stort sett er betre.

 

Stort behov for oppgradering ved Molde sjukehus

- Molde Sjukehus skil seg her klart ut i negativ retning, då sjukehuset har eit akutt oppgraderingsbehov både for tekniske anlegg, funksjon, branntryggleik og arbeidsmiljøtilhøve, seier Remme. Styret for Helse Møre og Romsdal har tidlegare løyvd midlar til ei mindre oppgradering av sjukehusbygget på Lundavang.
- Men også dei andre sjukehusa er i hovudsak 25 til 40 år gamle, og dei vil krevje vesentlege investeringar og vedlikehald dei næraste åra for å oppretthalde den bygningsstandarden vi har i dag, seier Remme.

 

Stor utfordring også utan nybygg

Medrekna oppgraderinga på Lundavang er bygningsmessige kostnadar for dei fire somatiske sjukehusa berekna til om lag 672 million kroner dei neste fem åra. I eit perspektiv på fem til ti år vil det i tillegg kome kostnadar på 623 million kroner. Den summen gjeld investering i rein teknisk oppgradering og omfattar ikkje funksjonelle tilpassingar og ordinært vedlikehald. Psykisk helsevern og anna bygningsmasse kjem i tillegg. Dermed har Helse Møre og Romsdal store investeringsutfordringar allereie før ein kjem til spørsmålet om eit eventuelt nytt sjukehusbygg, eller utvikling av dei gamle.

 

Utvikling ikkje finansiert

- Per i dag finst det med andre ord ikkje nok midlar til å dekke dei oppgraderingsbehova som vi ser for dei fire eksisterande sjukehusa. Investering i nytt sjukehusbygg eller eventuelle tilbygg vil kome på toppen av desse utfordringane, seier Espen Remme. Det som finst av tidlegare utviklingsplanar eller tilsvarande utgreiingar for dei fire sjukehusa beskriv funksjonsforbetringar og anna utvikling for til saman 3,286 milliard kroner.

- I det talet er inkludert mykje av den tekniske oppgraderinga som også trengst, slik at ein kan ikkje utan vidare legge saman tala for teknisk oppgradering og utvikling, seier Espen Remme.

Styret handsamar statusrapport for utviklingsplanen i sitt møte måndag 11. juni. Saka vil bli lagt ut onsdag 6. juni. I tillegg til status for bygg vil saka mellom anna skildre utvikling i sjukehusforbruk i Møre og Romsdal, og problemstillingar knytt til rekruttering og robuste fagmiljø.

Rapport om bygningsmassen er lagt ut på styret si administrasjonsside - klikk her for å lese

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 06.06.2012 08:53

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her