Hun undrar seg kvifor ikkje fleire frå nærområdet til Volda sjukehus bruker det lokale krefttilbodet.
- Kreftpasienter, som er heimhørande til Volda sjukehus, treng ikkje reise til Ålesund for å få polikliniske tenester. Kreftpoliklinikken i Volda har eit god og trygt tilbod, med erfarent personell, og her er det ledig kapasitet, seier avdelingssjef Jorun Bøyum ved Kreftavdelingen.
- Kreftavdelingens poliklinikk i Volda har full bemanning med håndplukka og særleg erfarne og dyktige sjukepleiere og legar, seier Bøyum.
Erfaring og kvalitet i Volda
Kreftpoliklinikken i Volda er frå januar 2004 en del av Kreftavdelingen i Helse Møre og Romsdal HF.
I poliklinikken arbeider det erfarne sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftsjukepleie, og de fleste typer cellegift og annan kreftbehandling gis her.
Kreftavdelingen i Volda og Ålesund
- Kreftavdelingen i Helse Møre og Romsdal er samansett av stråleterapieining, sengepost, og vi har palliativt team og poliklinikker både i Ålesund og Volda. Avdelinga gir eit breitt onkologisk tilbod til kreftpasientar , sier avdelingssjef Jorun Bøyum.
FAKTA: Informasjon om kreftpoliklinikken:
Lokalisering: Poliklinikken finn du i 4 etasje ved Volda sjukehus. Poliklinkken har no årleg omlag 1.600 konsultasjonar, av desse er ca. 1.000 behandlingar. Der er tilsett ein overlege i full stilling, og i tillegg har kreftleger frå Ålesund faste dagar der dei arbeide i poliklinikk i Volda.
Kontakt: Tlf: 70058494
Opningstider: Kreftpoliklinikken held ope fire dagar i veka ( måndag til torsdag) mellom klokka 08.00 og 15.30.
Klinikken legg stor vekt på å vere tilgjengelege for pasientar og pårørande. Ta gjerne kontakt.
Informasjon om palliativt team
Palliativt team i Volda er ei tverrfagleg gruppe som består av fysioterapeut, prest, legar og sjukepleiarar med spesiell kompetanse innan anestesi, onkologi og palliasjon. Dei gir råd og rettleiing til kreftpasientar som har ein uhelbredeleg kreftsjukdom. Vi ynskjer at pasient og pårørande opplever best mogleg livskvalitet.
Teamet gir også råd, rettleiing og undervisning til helsepersonell i kommunane, knytta til kreftpasientar som blir skrive ut frå sjukehus. Dei kan tilby polikliniske konsultasjonar, vurderingsbesøk hjemme eller på sykehjem/sykehusavdeling sammen med ansvarleg lege og sjukepleiar. Tilrettelegging ved utskriving frå sjukehus,rettleiing, undervisning og innlegging i palliativ seng for eit avgrensa opphald der konkrete palliative problemstillingar behandles.
For media – for meir informasjon – kontakt:
- Avdelingssjef Jorun Bøyum – mobil 470 16 654
- Kommunikasjonsjef Arnt Sommerlund – mobil 900 88 300