Sunnmøre Regionråd har i samarbeid med Helse Møre og Romsdal HF fått utarbeidd ein felles kompetanse- og rekrutteringsplan for 18 kommunar og helseføretaket. Målet er å møte samhandlingsreforma med gode, desentraliserte og samanhengande helsetenester for pasientane.
- Det er nyskapande at så mange kommunar og eit helseføretak samarbeider om ein felles kompetanse- og rekrutteringsplan. Hensikta er å sette kommunane og helseføretaket i betre stand til å møte samhandlingsreforma og utvikle desentraliserte helsetilbod for dei store pasientgruppene, seier prosjektleiar Vegard Sperre Austnes frå Sunnmøre Regionråd og Bodil Haugen Våge frå Helse Møre og Romsdal HF.
Moglege tiltak
Planen nemner flest mogleg felles tiltak, både interkommunalt og mellom helseføretak og kommunar. Desse er delte på områda organisatoriske tiltak (10), opplæringstiltak (14) og rekrutteringstiltak (8).
Planen har hovudvekt mot kompetansetiltak retta mot somatiske tenester framfor rus og psykisk helse. Dette har samanheng med at dei nye økonomiske incentivordningane førebels er retta inn mot medisinske diagnoser innan somantikken.
For helseaktørane
Dei mest sentrale aktørane og tenesteområda i planen er legevakttenesta, fastlegetenesta kommuneoverlegefunksjonen, helseføretaket, sjukeheimar og heimebaserte tenester (legar og anna helse og omsorgspersonell), habilitering og rehabilitering og øvrige kommunale tenester og institusjonar.
IKT viktig
I planen er det nemnt at IKT må vere ei prioritert oppgåve å få på plass og då med fokus på praktisk nytte. Kompetansebehovet knyttar seg både til elektronisk kommunikasjon, systemutnytting og bruk, samt datasikkerheit.
Planen er skriven av PriceWaterHouseCoopers (PwC) og finansiert med prosjektmidlar frå Helsedirektoratet og Helse Midt-Norge.
Kompetanse- og rekrutteringsplanen skal i første omgang handsamast av Administrativt samhandlingsutval mellom kommunane på Sunnmøre og Helse Møre og Romsdal.
For meir informasjon - kontakt:
- Prosjektleiar Vegard Sperre Austnes, Sunnmøre Regionråd, tlf. 415 44 328
- Nestleiar Bodil Haugen Våge, Helse Møre og Romsdal HF, tlf. 915 99 171