Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Lege slutta etter innførsel av ulovlege medikament

Helse Møre og Romsdal HF bekrefter at tilsettingsforholdet til ein lege, som tidlegare i år blei tatt for innførsel av ulovlege medikament, er avslutta.

Det opplyser personaldirektør Olav Finnøy i Helse Møre og Romsdal HF.

Legen, som har vore tilsett i helseføretaket sidan i fjor haust, er no ikkje lenger i teneste ved Molde sjukehus.

Etter at Helse Møre og Romsdal HF blei informert av politiet; at legen hadde blitt stoppa på Gardermoen for innførsel av ulovlege medikament, meldte helseføretaket saka rutinemessig til Fylkeslegen i Møre og Romsdal. Tilsettingsforholdet blei straks avslutta, og helseføretaket er kjent med at Fylkeslegen har opna tilsynssak på legen.

For media - for ytterlegare informasjon – kontakt:

  • Personaldirektør Olav Finnøy – mobil 908 34 452
  • Kommunikasjonssjef Arnt Sommerlund – mobil 900 88 300

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 10.05.2012 14:28

Arnt Sommerlund

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her