Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Medisinsk sengepost mellombels stengt for nye pasientar

Medisinsk sengepost 4 ved Molde sjukehus tek ikkje imot nye pasientar tirsdag og onsdag, på grunn av at fleire pasientar no har omgangssjuke.

- Vi har fem pasientar med omgangssjuke, og nokre av desse har fått påvist Noro-virus. For å unngå at fleire skal bli smitta tek vi derfor ikkje inn nye pasientar før situasjonen er avklara for desse fem, seier Bjørg Marit Berg, sjef ved medisinsk avdeling ved Molde sjukehus. Nye pasientar til indremedisinsk behandling blir fordelt på andre sengepostar.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 07.02.2012 15:10

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her