Også i år samarbeider fødeavdelingane ved Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus om ferieavviklinga. Medan avdelinga i Kristiansund stenger for ferie, tek avdelinga i Molde imot fødande frå Nordmøre og Romsdal. Deretter bytar dei om.
- Vi ønskjer i størst mogleg grad å ha dei faste tilsette på jobb også om sommaren. Dei har nødvendig kunnskap om interne rutinar og tilhøve på avdelingane. I og med at vi kan halde bruk av dyr vikarinnleie på eit lågt nivå kan vi bruke ressursane våre til beste for pasientbehandlinga gjennom heile året, seier Grete Teigland. Ho er avdelingssjef for avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdommar ved sjukehusa i Molde og Kristiansund.
Har sendt ut informasjon
Avdelinga har hatt denne praksisen i fleire år, og kvart år har dei evaluert ordninga.
- I år stenger vi dei same åtte vekene som tidlegare år. Ut frå innspel som har kome legg vi no auka vekt på god koordinering av stenginga. Vi disponerar også ekstra rom på sjukehusa slik at vi kan få til rolige tilhøve der også far kan vere til stades, seier Teigland. Avdelinga har sendt ut brev både til kommunehelsetenesta og alle gravide som har termin i den tida det er sommarstenging.
Datoar for stenging og opning
Avdelinga i Kristiansund er stengt for fødande og gynekologiske pasientar frå kl 1600 onsdag 20. juni. Dei som allereie er innlagde kan vere der til fredag ettermiddag. Avdelinga opnar igjen fredag 20. juli kl 1500. Det er etablert jordmorberedskap i Aure, Halsa og Smøla 22. juni til 23. juli. Gravide får meir informasjon om det frå kommunejordmor.
Avdelinga ved Molde sjukehus stenger for fødande og gynekologiske pasientar frå kl 1600 fredag 20. juli. Dei som allereie er innlagde kan vere der til søndag kveld. Avdelinga opnar igjen måndag 20. august kl 0730, og da er sommarstenginga over for 2012. Det er etablert jordmorberedskap i Aukra kommune frå 23. juli til 20. august. Gravide får meir informasjon om det frå kommunejordmor.
Meir informasjon