Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Ope dialogmøte om tenester for barn og unge som slit psykisk

”Når barn og unge slit psykisk…” er tema for eit ope dialogmøte på kveldstid, måndag 27. februar på Skansen Aktivitet i Ålesund. Det blir informasjon og samtale om tenestetilbodet for barn og unge i Ålesund kommune og ved Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal.

Dette er tredje gong representantar for ulike tenester, brukarar, pårørande og andre interesserte møtest på Skansen Aktivitet for å dele informasjon om og diskutere tenestetilboda for psykisk sjuke.

 –Vi har fått tilbakemeldingar på at desse dialogmøta er eit viktig tiltak, seier Øistein Edvardsen, nyvald leiar i LPP Ålesund og omegn. Det var lokallaget av Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk helse som tok initiativ til møta, som blir arrangerte i samarbeid med Ålesund kommune og Vaksenpsykiatrisk avdeling, Psykisk helsevern for barn og unge og Lærings- og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal.

Les meir - klikk her

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 21.02.2012 15:01

Roland Mauseth

Spørsmål frå media kan rettast til:

 

Kommunikasjon og samfunnskontakt - klikk her