Hopp til hovedinnhold
Aktuelt

Sjukehusutvikling Helse Møre og Romsdal HF

Helse Møre og Romsdal lager ein utviklingsplan for sjukehustilbodet i Møre og Romsdal. Den 13. desember 2012 vart det vedteke at det skal vere eit felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. I 2013 held arbeidet fram både med dette tiltaket og med Utviklingsplanen i helseføretaket for øvrig.

 Illustrasjon operasjon

I heile 2012 arbeidde Helse Møre og Romsdal med ein plan for det samla sjukehustilbodet i føretaket. Fokus var i størst grad på strukturspørsmålet i Nordmøre og Romsdal, som har vore særs aktuelt dei siste åra. Styrevedtaket 13. desember var historisk - eitt felles akuttsjukehus skal ligge til grunn for den vidare utviklinga i nordfylket. Men planen gir også prinsipp for vidare utvikling i heile føretaket.

 

Kort om status og vidare arbeid

Nyheiter om
sjukehusutvikling

  • Planprogram ut på høyring i løpet av juni

    Arbeidet med kommunedelplan for nytt akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal er godt i gang. I løpet av juni reknar ein med at dei tre kommunane Molde, Gjemnes og Kristiansund vil kunne legge ut felles planprogram til offentleg høyring i dei respektive ..

  • Oppstartmøte for kommunale delplanprosessar

    Helse Møre og Romsdal held i dag oppstartmøte med kommunane Molde, Gjemnes og Kristiansund og andre involverte aktørar om kommunal delplanprosess i samband med nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. ..

  • Startar sjukehusplanlegginga

    Styret for Helse Møre og Romsdal vedtok i dag, 13. februar,  å sette i gang tidligfaseplanlegginga av det nye akuttsjukehuset for Nordmøre og Romsdal. ..

  • Grunnsteinen for eit felles akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal

    - Eit kvantesprang for sjukehusutviklinga i Møre og Romsdal, sa styreleiar John Harry Kvalshaug da styret for Helse Møre og Romsdal i dag samrøystes vedtok eit felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Over nyttår startar planlegginga av sjukehuset ..

Mandat og
organisering

Organisering av arbeidet i 2013 vil bli lagt ut på denne sida så snart denne er klar.

Korleis arbeidet var organisert i 2012 finn du på denne sida.


Dokument

Kommune-
delplanprosess

  • Felles administrativ plangruppe - kommunedelplanprosess nytt akuttsjukehus Nordmøre og Romsdal

    Helse Møre og Romsdal HF og kommunane Molde, Gjemnes og Kristiansund har etablert ei felles administrativ plangruppe for kommunedelplan. Arbeidsgruppa skal samordne planlegging av aktuelle tomtealternativ for nytt akuttsjukehus i Nordmøre og Romsdal.

    Illustrasjonsbilete - kalender

    Helse Møre og Romsdal har invitert dei tre kommunane til å kome med sine prioriterte framlegg til sjukehustomt som støttar dei krava helseføretaket har stilt til tomt. Kvar av dei tre kommunane vil gjennomføre ein kommunedelplanprosess for "sitt" tomtealternativ, men planarbeidet blir samordna i den felles administrative plangruppa som er oppretta.

     

    Arbeidsform

    Gruppa skal vere ein møteplass for sakshandsamarar hos respektive partar, der ein kan avklare spørsmål mellom kommunane og helseføretaket. Alle formelle vurderingar og avgjerder som gjeld kommunedelplan vil bli gjort i kommunane eller i helseføretaket, og vere underlagt full offentlegheit. Arbeidet vil følgje prosesskrava i Plan- og bygningslova.

    Møta i plangruppa vil vere lukka fordi dei ikkje er politiske møte etter kommunelova, men saksførebuande møte. Dokumenta frå møta vil vere offentlege og ein søker å praktisere meiroffentlegheit.

    Les nyheitsmelding om etablering av plangruppa her.

     

    Deltakarar i plangruppa

     

    Deltakar Rolle Representantar
    Helse Møre og Romsdal Tiltakshavar for nytt akuttsjukehus
    • Espen Remme
    Gjemnes kommune Ansvarleg for eigen planprosess kommunedelplan, potensiell vertskommune Representantar vert oppnemnd 19. april
    Kristiansund kommune Ansvarleg for eigen planprosess kommunedelplan, potensiell vertskommune
    • Helge Carlsen
    • Odd-Arild Bugge
    Molde kommune Ansvarleg for eigen planprosess kommunedelplan, potensiell vertskommune
    • Eirik Heggemsnes
    • Jostein Bø
    Møre og Romsdal Fylkeskommune Ivaretek funksjonane sekretariat, leiar, referent - kallar inn til møta
    • Ole Helge Haugen
    • Johnny Loen
    Statens Vegvesen Tek del i gruppa når det er behov for avklaring
    • Ole Jan Tønnesen
    Fylkesmannen i Møre og Romsdal Tek del i gruppa når det er behov for avklaring
    • Bjarne Otnes
    Helse Midt-Norge RHF Kontakt mellom det lokale arbeidet og Helse- og omsorgsdepartementet
    • Nils Arne Bjordal

     

     

Høyring 2012

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.02.2012 23:28

Roland Mauseth

Kontakt

Espen Remme

Espen Remme

Strategi- og utviklingssjef HMR
Prosjektleiar for Sjukehusutvikling Helse Møre og Romsdal HF
Mobil: 97 67 52 61
e-post til Espen Remme

 

Roland Mauseth

Kommunikasjonsrådgjevar HMR
Mobil: 91 72 14 01
e-post til Roland Mauseth