Hopp til hovedinnhold
Fagfolk

Endring i kirurgisk og ortopedisk vaktsystem i helgane frå 1.februar 2012

Informasjon til fastlegar/primærhelseteneste: I tråd med regionale strategivedtak (strategi 2020), føretaksprotokollen for Helse Møre og Romsdal HF, blir det frå 1. februar 2012 innført ein ny vaktmodell for kirurgi og ortopedi ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal.

Hovudtrekka ved modellen er at alle sjukehusa skal ha vaktberedskap for både ortopedi og kirurgi fra mandag morgon til fredag ettermiddag. I helgane er det berre Ålesund sjukehus som skal ha vakt i begge spesialitetane, medan dei andre tre sjukehusa skal ha enten kirurg- eller ortopedivakt etter eit fast mønster.

Vaktmodellen

Ålesund

Primærvakt

Bakvakt

Ortopedi

LIS 7 dagar/veke

Overlege 7 dagar/veke

Kirurgi

LIS 7 dagar/veke

Overlege 7 dagar/veke

 

 

 

Molde

Primærvakt

Bakvakt

Ortopedi

LIS (felles) 7 dagar/veke

Overlege mandag-fredag kl 16

Kirurgi

LIS (felles)

Overlege 7 dagar/veke

 

 

 

Kristiansund

Primærvakt

Bakvakt

Ortopedi

LIS (felles) 7 dagar/veke

Overlege 7 dagar/veke

Kirurgi

LIS (felles)

Overlege mandag-fredag kl 16

 

 

 

Volda

Primærvakt

Bakvakt/primærvakt

Ortopedi

LIS (felles) 1 av 5 dagar, Turnuslege

Overlege 7 dagar/veke

Kirurgi

LIS (felles) Turnuslege (felles)

Overlege mandag-fredag kl 16

 

 

 

Definisjonar: LIS= lege i spesialisering (assistentlege). Kirurg=lege med generell kirurgisk utdanning (gastrokirurg, urolog med generell kirurgisk utdanning, karkirurg). Ortoped: spesialist i ortopedisk kirurgi, som regel overlege

  • Det nye vaktsystemet inneber at Volda og Kristiansund sjukehus skal ha vaktberedskap med ortoped 7 dagar per veke og vaktberedskap for kirurg fram til fredag ettermiddag kl 16.
  • Molde sjukehus skal ha vaktberedskap for kirurg 7 dagar per veke og vaktberedskap for ortoped fram til fredag ettermiddag kl 16.
  • Molde og Kristiansund har begge ein LIS i vakt 7 dagar per veke, alternerande mellom LIS i ortopedi og LIS kirurgi
  • Volda sjukehus har for tida LIS i primærvakt 1 av 5 dagar.
  • Ålesund sjukehus har vaktberedskap for ortoped og kirurg 7 dagar per veke og to LIS i primærvakt, ein for ortopedi og ein for kirurgi
  • Alle sjukehusa har turnuslege i vakt i tillegg til LIS og overlege.

Dette vaktsystemet er føreslått av ei faggruppe med deltaking frå alle sjukehusa og brukarutvalet. Og det er vedtatt i styret for HMR i møte den 27.10.2011. I etterkant av dette vedtaket er det gjennomført ein ROS-analyse for å identifisere tiltak som kan redusere uheldige effektar og evt pasientrisiko knytt til vedtaket.

Arbeidsgruppa har peika på at dette er eit system som legg opp til auka samarbeid mellom sjukehusa. Samstundes er dette eit vilkår for at modellen skal fungere. God kommunikasjon og samarbeid mellom vaktlegane i sjukehusa og fastlegar, AMK og ambulansetenestene er ein annan kritisk suksessfaktor. Dette samarbeidet må sikre at pasientane i størst mogleg grad blir sende direkte til rett sjukehus (rett spesialist på vakt).  Dermed slepp ein unødig tidsspille for pasientane og reduserer behovet for sjuketransport mellom sjukehusa.

Pasientfordelinga etter ny modell

Generelt

Det er viktig å presisere først at alle øyeblikkeleg hjelp-pasientar skal meldast til AMK-sentralen.

Ein stor del av pasientane vil være enkle å fordele etter dette systemet. Eit par døme: Pasient med mistanke om hoftefraktur skal til sjukehus med ortoped. Pasient med akutte buksmerter skal til sjukehus med kirurg på vakt.

Traumetilstandar

Pasientar med uvklarte traumetilstandar skal som hovudregel til sjukehus som har kirurg i vakt fordi blautdelsskadane vanlegvis er dei mest tidskritiske. Særleg gjeld dette når pasienten er ustabil. Dersom den prehospitale vurderinga tilseier at pasienten er for ustabil til å nå fram til det kirurgiske sjukehuset i tide, kan det være aktuelt å stoppe i det næraste akuttmottaket for å få gjort stabiliserande behandling.

Vurder innlegging per telefon for å spare tid og reiseveg

Interkommunale legevaktsentralar har gitt lengre reiseveg til legevakt for mange pasientar. For ein del pasientar kan denne reisa til legevakta bli ein lang omveg dersom dei skal innleggast i sjukehus. Det vil være ein fordel om legevaktlegen kan vurdere slike pasientar på telefonen og tilvise dei rett til sjukehuset. Aktuelle døme på dette er pasientar i Gjemnes som nyttar legevakta i Kristiansund og som treng innlegging i Molde sjukehus og pasientar frå kommunane på ytre søre Sunnmøre som nyttar den interkommunale nattlegevakta i Volda. Dette vil gjelde der det i utgangspunktet er gode indikasjonar på at pasienten treng å bli innlagd i sjukehus.

 Ved tvil om kva som er rett behandlingsstad for ein akuttpasient, er det ønskjeleg at vaktlegen i kommunen tar kontakt med AMK som kan gi råd direkte eller formidle kontakt med AMK-lege eller vakthavande lege i relevant avdeling.

Særskilt om luftambulansen

Luftambulanselegen kan i større grad gjere eigne vurderingar og utføre stabiliserande behandling. Helikopteret har og stor aksjonsradius slik at det kan nå fram til fleire sjukehus innan ei akseptabel tidsramme. For luftambulansen er den nye vaktmodellen ein stor fordel fordi det på førehand er klart kva slags kompetanse det er i sjukehusa. 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 01.02.2012 15:13

Arnt Sommerlund