Hopp til hovedinnhold
Fagfolk

Koordinerande eining (KE)

Koordinerande eining for ReHabilitering er eit kontakt/informasjonssenter for rehabiliterings- og habiliteringstenestene i helseføretaket. 

Vi har oversikt over det tenestetilbodet som helseregionen har innan rehabilitering og habilitering, og skal syte for faste kontaktpunkt for informasjon og samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

 

Vi skal bidra til felles kompetanseheving for kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta for å sikre at pasientane får best mogleg kvalitet og kontinuitet i rehabiliteringsprosessen sin.

 

Klikk på bilete under så får du informasjon om Regional KE i Helse Midt-Noreg

Illustrasjonsbilete - steinar ved ei strand

Sam
handling

ReHab
tilbud

ReHab
veka

Kurs
konferanse

Indivduell
plan (IP)

  • For menneske med langvarige, samansette og koordinerte behov, kan manglande kontinuitet i hjelpeapparatet vere eit problem. Dette var noko av bakgrunnen for at forskrift om individuell plan vart gjort gjeldande frå 1.juli 2001 etter helselovgjevinga og 1. januar 2006 etter sosiallovgjevinga.

     

    Forskrifta for individuell plan seier at menneske med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til ein individuell plan. Dette skal medverke til å koordinere samhandlinga mellom ulike tenesteytarar og tenestemottakarar, slik at behandlinga vert effektivisert, og brukaren blir frisk og/eller sjølvhjelpt..

     

    Her finn du E-læring for individuell plan. Føremålet med denne nettsida er å gi råd og vink til å utvikle gode individuelle planar.

    Vi tilrår også Individuell plan = brukaren sin plan 

    Flytskjema for individuell plan

    Kommunane i Sør-Trøndelag og St. Olavs Hospital har sidan 2004 hatt felles retningslinjer for bruk av individuell plan. Her er forslag til felles retningslinjer

    SamPro er eit nettbasert individuelt planverkty. Løysinga tilbyr ein elektonisk "møtestad" på tvers av fag og nivå.

     

Kontakt
oss

  •  

    Ansvar for  Ålesund  og Volda sjukehus

    v / Steinar Gjærde

    Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering

     

    Telefon: 70 10 57 43 Mobil 902 06 140

    E-post: steinar.gjerde@helse-mr.no

     

     

    Ansvar for Molde og Kristiansund sjukehus

    v/ Anne Hollingen

    Samhandlingsavdelinga

     

    Telefon: 71 12 07 86   Mobil: 908 06 996

    E-post: anne.hollingen@helse-mr.no

     

     

Brukere
og org.