Hopp til hovedinnhold
Fagfolk

Det du treng å vite om Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal er eit nytt helseføretak, og har teke over verksemda frå Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal. Men alt blir ikkje nytt over natta. Mykje av den informasjonen du treng for å finne fram til oss, vil vere den same enno ei tid. Her får du ei liste som vi håper kan vere deg til hjelp.

Telefon

  • Sjukehusa beheld førebels dei gamle telefonsystema sine. Det vil seie at du kan ringe dei numra du er van med. Vi kjem til å seie i frå her på nettstaden vår og på andre måter når vi planlegg å byte telefonsystem.

    Sentralbord Molde og Kristiansund: 71 12 00 00

    Sentralbord Ålesund: 70 10 50 00

    Sentralbord Volda: 70 05 82 00

    Sentralbord til føretaksadm: 70 10 50 00

     

    Klikk her for kontaktinformasjon til dei ulike behandlingseiningane.

     

     

Postadresse

  • Helse Møre og Romsdal HF

    Postboks 1600

    6026 Ålesund 

     

Fakturaadresse

  • For dei av våre leverandørar som har inngått avtale med respektive Helse Sunnmøre HF og Helse Nordmøre og Romsdal HF fører samanslåinga til eit formelt skifte av avtalepart. Alle avtalar med respektive Helse Sunnmøre HF og Helse Nordmøre og Romsdal HF blir overførte til Helse Møre og Romsdal frå 1. juli 2011. Dette er juridisk heimla i § 50 i Lov om helseføretak m.m. Formell endring av avtalepart vil ikkje ha betydning for kontraktane sitt innhald og omfang.

    Sammenslåinga får ingen omgåande organisatoriske konsekvensar, og i ein overgangsperiode vil difor Helse Møre og Romsdal HF oppretthalde forskjellige postboksnummer i fakturaadressene til respektive det "gamle" Helse Nordmøre og Romsdal og det "gamle" Helse Sunnmøre.

     

    Helse Nordmøre og Romsdal HF

    For fakturaer til dei ulike lokasjonane i noverande Helse Nordmøre og Romsdal blir den nye fakturaadressa:

     

    Helse Møre og Romsdal HF

    Fakturamottak

    Postboks 2620

    6405 Molde

     

    Dette gjeld Kristiansund sjukehus, Kristiansund DPS, Aure Rehabiliteringssenter, Molde sjukehus (Lundavang og Hjelset) og Molde DPS (Knausensenteret)

     

    Helse Sunnmøre HF

    For fakturaer til dei ulike lokasjonane i noverande Helse Sunnmøre blir den nye fakturaadressa:

     

    Helse Møre og Romsdal HF

    Fakturamottak

    Postboks 2621

    6405 Molde

     

    Dette gjeld Volda sjukehus, Volda DPS, Mork Rehabiliteringssenter, Ålesund sjukehus, Vegsund DPS, Sjøholt DPS og Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter.

     

    Vi gjer spesielt merksam på at for leveranser av pasientreisetenester skal fakturaadressa være:

     

    Helse Møre og Romsdal HF

    Pasientreiser i Møre og Romsdal

    6026 ÅLESUND

     

     

    Endringane trer i kraft 1. juli 2011. Vi ber om at faktura blir merka med namn til bestiller/rekvirent, samt klinikk/avdeling/eining fakturaen gjeld.

     

    Vi ber alle våre leverandørar oppdatere sin kontaktinformasjon slik det framgår over.

     

Besøksadresse

  • Desse adressene kan du nytte om du skal besøke eller levere noko til dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal. Viss du klikkar på kvart navn får du opp kart som viser kor dei ligg.

     

    MERK: For ekstern post til sjukehusa nyttar du føretaket si felles postadresse, om det ikkje står noko anna på brev du har fått.

     

    Ålesund sjukehus

    Åsehaugen 1

    6017 Ålesund

     

    Volda sjukehus

    Kløvertunveien 1

    6100 Volda

     

    Kristiansund sjukehus

    Herman Døhlens vei 1

    6508 Kristiansund

     

    Molde sjukehus

    Parkvegen 84

    6412 Molde

     

E-post

  • Tilsette i Helse Sunnmøre og Helse Nordmøre og Romsdal får nye e-postadressar når Helse Møre og Romsdal no har teke over verksemda frå dei to gamle føretaka. E-post til administrasjonen får og ny adresse.

    E-post til tilsette

    E-postadressene til tilsette vart endra frå og med det nye føretaket: 

    Gammel adresse: navn.navnesen@helse-sunnmore.no eller navn.navnesen@helsenr.no

    Ny adresse: navn.navnesen@helse-mr.no

    MERK: I nokre døme er det lagt til mellomnam i den nye adressa, slik: navn.navnum.navnesen@helse-mr.no

     

    Merk at endinga på adressa er den same som adressa til nettstaden - "helse-mr.no" - slik vert ho lettare å hugse.

     

    Postmottak for Helse Møre og Romsdal:

    postmottak@helse-mr.no

     

     

     

Leiing

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 21.06.2011 09:00

Solveig Lilleberg