Hopp til hovedinnhold
Fagfolk

Vurderingar

Tilvisingane vert behandla av eit eige inntaksteam på rehabiliterings-institusjonen. Dersom ei tilvising inneheld for lite informasjon, kontaktar vi den tilvisande instansen for å få informasjonen som manglar. Rehabiliterings-institusjonen skal sjå til at det ligg føre nok dokumentasjon før behandlinga startar. Nye opplysningar skal dokumenterast.

 

Vi skal vurdere om kvar einskild pasient har rett til nødvendig helsehjelp og rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Pasientar som har rett til nødvendig helsehjelp innafor dei diagnosane som er avtalte, skal prioriterast. Elles legg vi til grunn retningslinjene om prioritering i helsevesenet som er nedfelte i lov, føresegner og rundskriv. 

Dersom det etter ei medisinsk fagleg vurdering, ikkje finst nok indikasjon (teikn) på at rehabiliteringsinstitusjonen sitt tilbod kan gi resultat, må vi avvise pasienten. Denne vurderinga skal sjølvsagt byggje på pasienten sine behov. Også i tilfelle der rehabiliteringa som krevst, ligg utafor vårt kompetanseområde, må vi avvise. Tilvisande instans skal i begge tilfella straks orienterast skriftleg. Avvisinga skal grunngjevast. Helsetilsynet i fylket v/fylkeslegen er klageinstans.

 

Dersom det er tvil om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp, skal tilvisande instans kunne få tilvisinga vurdert ved ei spesialavdeling utpeika av oppdragsgivar.

 

Pasienten kan også velje eit rehabiliteringstilbod som har avtale med andre regionale helseføretak. Oversikt over desse tilboda finn du på følgjande sider: 

Helse Nord
Helse Vest
Helse Sør-Øst

 

I alle regionane bortsett frå Helse Øst, skal tilvisinga sendast direkte til den aktuelle institusjonen.

 

I Helse Øst skal tilvisninga sendast til:
Sentral enhet for rehabilitering, postboks 174, 1452 Nesoddtangen.

 

Meir informasjon om tilboda kan du få ved å kontakte rehabiliteringsinstitusjonane direkte. For informasjon om rehabiliteringsinstitusjonar kan du også kontakte informasjonskontoret for Fritt sykehusval på tlf: 800 41 004

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 13.04.2011 14:08

Trond Wefring