Det styrande for Helse Møre og Romsdal si verksemd er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande.
Både forsking og undervisning i Helse Møre og Romsdal skal halde eit høgt fagleg nivå, og utgangspunktet for desse aktivitetane er eigne pasientgrupper. Målet for all utdanning i Helse Møre og Romsdal er å gi pasienten stadig betre behandling. Rett kompetanse skal i møte med pasienten nyttast så godt som råd er.
Opplæringseininga byggjer opp kunnskapen og kompetansen i Helse Møre og Romsdal. Målet er at alle avdelingar i helseføretaket skal få maksimalt ut av utviklingsplanane sine både for dei tilsette og avdelinga som heile. Opplæringseininga har utarbeidd ein opplæringsplan som først og fremst skal dekkje den obligatoriske, faste interne opplæringa som våre tilsette får. Avdelingane skal i tillegg utarbeide eigne opplæringsplanar.
Eit godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta er nødvendig for å kunne gi eit så godt og heilskapleg behandlingstilbod som råd. Tenestetilbodet skal vere samanhengande og samordna mellom alle ledd i behandlingskjeda, frå kommune- til spesialisthelsetenesta. Difor kan det vere nyttig å treffast for å dele kunnskap og erfaringar. Under finn du kurs, konferanser og faglege møter du kan melde deg på.