Avdeling for laboratoriemedisin, Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus. Avdeling for laboratoriemedisin er ein av 3 avdelingar i Klinikk for medisinske servicefunksjonar. Avdeling for laboratoriemedisin består av følgjande einingar:
- Laboratorium for medisinsk biokjemi
Einingsleiar: Arne Eide
Medisinsk rådgivar: Berit Torjusen
- Laboratorium for medisinsk mikrobiologi
Einingsleiar: Signe Linda Håseth
Medisinsk rådgivar: Einar Vik
- Laboratorium for patologi
Einingsleiar: Tove Gimse
Blodbankane ved sjukehusa i Kristiansund og Molde er organisert inn under Laboratorium for medisinsk biokjemi, og har felles driftskoordinator. Driftskoordinator er: Cecilie Eikrem Myklebust
Nukleærmedisinsk seksjon er organisert under laboratorium for medisinsk biokjemi, Molde sjukehus
Avdeling for laboratoriemedisin har i overkant av 100 tilsette. Avdeling for laboratoriemedisin er ansvarlig for å yte service av høy faglig kvalitet til egne pasientar og poliklinikkar.
Avdeling for laboratoriemedisin utførar årlig i overkant av 2 millionar undersøkingar. 70 - 80 % er polikliniske undersøkingar.
Avdeling for laboratoriemedisin er ansvarlig for yte service av høg faglig kvalitet til pasientar og rekvirentar. Avdelinga utførar laboratorieundersøkingar innan fagspesialitetane medisinsk biokjemi, medisinsk mikrobiologi, patologi, transfusjonsmedisin (blodbank) og nukleærmedisin for innlagte pasientar ved Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus for primærhelsetenesta i Nordmøre og Romsdal. Laboratorium for medisinsk mikrobiologi utførar også laboratorietenester i samarbeid med Mikrobiologisk avdeling, Ålesund sjukehus til alle sjukehusa i Møre og Romsdal og primærhelsetenesta i hele fylket. Avdeling for laboratoriemedisin arbeidar tett opp mot klinikarane, og er ein viktig del av kjerneverksemda ved å stille diagnosar og rådgiving i forhold til behandling av pasientar. Laboratorium for medisinsk mikrobiologi driver også med smittevernearbeid og rådgiving i sjukehushygieniske spørsmål. Blodbankane tapper blod til pasientar i føretaket, samt for sal til andre transfusjonseiningar. Avdeling for laboratoriemedisin inngår også i tverrfaglig samarbeid med de kliniske avdelingane i føretaket. Blant anna kan nemnes viktigheita av kompetansen i avdeling for patologi og nukleærmedisinsk seksjon i forhold til brystkreftdiagnostikk.
Avdeling for laboratoriemedisin utdannar leger innan medisinsk mikrobiologi, samt underviser både medisinstudentar, bioingeniørstudentar, sjukepleiestudentar og helsesekretærar.
Avdeling for laboratoriemedisin deltar i nasjonale og regionale forskings prosjekter.Tilsette i avdelinga deltar i regionale grupper som jobbar for felles It-system, innkjøpsavtaler og oppgåvefordeling mellom føretaka (strategi 2020). I 2009 blei det oppretta eit regionalt fagnettverk i laboratoriemedisin (oppfølging av eigarstrategi 2010 – Laboratoriemedisin).
Avdeling for laboratoriemedisin ledast av Avdelingssjef Merete Hagbø.
Avdeling for laboratoriemedisin kan kontaktast via felles sentralbord for Helse Møre og Romsdal HF:
Tlf. : 71 12 00 00
Åpningstider for poliklinisk blodprøvetaking:
| Laboratoriet i Molde |
Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 |
| Laboratoriet i Kristiansund |
Måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 |