
Avdeling for Patologi, Ålesund sjukehus utfører diagnostikk av sjukdomar ved analyse av celle- og vevsprøver. Ein stor del av arbeidet er kreftdiagnostikk.
Patologi er læra om sjukelege endringar i kroppen. I det ligg læra om sjukdomen sin årsak, utvikling og verknad på funksjonar (fysiologi) og struktur (anatomi).
Makroskopisk og mikroskopisk vurdering av prøvemateriale gir saman med kliniske opplysningar grunnlag for ei diagnose. Lysmikroskopet er det grunnleggjande analysereiskap.
Vi dekkjer heile sunnmørsregionen m.o.t patologisk diagnostikk, og satsar på høg kvalitet og produktivitet på vårt arbeid. Vi undersøker årleg ca 12.000 histologiske prøver og 14.000 cytologiske prøver. I 2008 vart det gjort 14.700 immunhistokjemiske analyser ved avdelinga.
Gjennomsnittleg svartid er 1-11/2 veke.