
Hudavdelinga ved Ålesund Sjukehus vart grunnlagt av hudlege Bjørn Tore Gjertsen i 1976.
I 1982 vart hudspesialist Leif Ivar Hanssen tilsatt, og han er no avdelingssjef ved Hudavdelinga.
Vi har i dag 3 spesialistar, ein lege i spesialisering, og tilsaman 4 sjukepleierstillingar.
Vi held til i 1.etg. ved poliklinikkinngangen på nordsida av sjukehuset.
Hudavdelinga i Ålesund gir eit diagnostisk og terapeutisk tilbod til pasientar med alle hudsjukdomar på Sunnmøre og deler av Nordmøre og Romsdal sitt område.
For å gi pasientar som høyrer til Volda sjukehus og som treng lysbehandling pga sin sjukdom, kan desse få lysbehandlinga ved medisinsk poliklinikk ved Volda Sjukehus.