Lys-behandling
ved psoriasis, atopisk eksem og andre utslett.
Vi har tilsaman 5 heilkropp lyskabinett og 4 lyskasser for hand og fot.
I tillegg har vi 7 heilkropp lyskabinett til utlån.
Det er omtrent ikkje ventetid når ein kjem til lysbehandling. Ein treng heller ikkje å melde seg i luka for lysbehandling bortsett frå når ein skal til legekontroll.
Ein får lysbehandling som oftast 3 gongar pr uke i 5-6 veker.
Før ein avsluttar behandlinga, får ein time hos hudlege.

PDT-behandling
Fotodynamisk terapi er behandling av basalcellecarsinom, Mb. Bowen og solar keratose.
Behandlinga tar tilsaman ca. 3 – 4 timar. Først skrapar legen området som skal behandlast, deretter vert det lagt på Metvix krem og dekker så området med plaster.
Etter 3 timar kjem pasienten tilbake, plaster og krem fjernast, og området vert
belyst med rødt lys i ca 8 til 15 minutt.
Denne behandlinga kan nokre gongar medføre ubehag i form av stikkande eller
brennande smerter. Behov for smertelindring vil derfor variere.

Kryo-behandling (frysing) av solar keratose og basalcellecarsinom.
Laser-behandling av enkelte typer fødselsmerker.
Sår-behandling ved venøse leggsår.
Ofte brukar vi då Kaliumpermanganat-bad (KP-bad) som virkar desinfiserande, tørkar ut væskande eksem og som virkar kløstillande.
Dersom bra blodgjennomstrømning er behandlinga kompresjonsbandasje eller kompresjonstrømper.
Tjære-behandling (Sulfantren) ved psoriasis i hodebunn.

Occlusjons-behandling ved psoriasis, sår.
Ein penslar områder med kortison-oppløsing og dekker med tynn Duoderm-plate.
Sjå Egenbehandling
Mindre kirurgiske inngrep.