
Kreftavdelinga i Helse Møre og Romsdal er samansett av stråleterapieining, sengepost, palliativt team og poliklinikk i Ålesund, samt kreftpoliklinikk og palliativt team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus. Avdelinga skal gi eit breitt onkologisk tilbod til kreftpasientar. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg. Avdelinga er ein del av klinikk for medisin.