Gruppeopplæringa er eit tilbod til personar 3-6 månader etter at dei fekk påvist hjerneslaget.
Pårørande kan også delta.
Kva kan du lære:
Målet med opplæringa er at deltakarane skal få auka kunnskap om hjerneslag og kva dei sjølve kan gjere for å leve best mogleg etter hjerneslaget. Det er ønskeleg at ein tek med pårørande, slik at dei også kan lære om sjukdommen.
Korleis arbeider vi:
Gruppeopplæringa går over 4 dagar; ein dag per veke 4 påfølgjande veker. Tidspunkt frå kl 12.00 -14.30.
Undervisningsforma er hovudsakleg forelesingar, men det er ope for spørsmål og diskusjon.
Innhald/tema:
Sjukdomslære, fysisk aktivitet, kosthold, afasi og svelgvanskar, samliv/pårørande, skjulte vanskar, trygderettar og Lokal slagforening for slagramma.
Ansvarlege:
Kurset er utvikla i samarbeid med lege, sjukepleier, sekretær, ergoterapeut og fysioterapeut. Samarbeidspartnar er Lærings- og meistringssenteret.
Tilvising/påmelding:
Du vil få invitasjon med dato, program, kurslokale og anna informasjon frå Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, slag og geriatri ei tid etter hjerneslaget. Du må sjølv melde deg på opplæringa.
Kontaktperson:
Hilde Christin Rognsø Furstrand, tlf: 70105730
Ansvarleg lege: Geriater Yngve Müller Seljeseth
Om kostnader og refusjon i samband med kursdeltaking, sjå her