Hopp til hovedinnhold
Om oss

Lungerehabilitering for personar med KOLS

Lungerehabilitering er ein del av behandlings- og opplæringstilbådet hjå medisinsk avdeling i Ålesund.  Opplæringa vert halden i gruppe. Pårørande kan vere med på ein del av undervisninga.

Kva kan du lære:
Målet med opplæringa er at deltakarane skal få auka kunnskap om sin sjukdom for å meistre sjukdommen og kvardagen betre . Mange vil verte godt kjende med kvarandre og vil kunne dele felles erfaringar.

Korleis arbeider vi: 
Gruppeopplæringa går over 5 veker, 2 dagar i veka. Tidspunkt frå 0930-1430. Undervisninga er i hovudsakleg i førelesningar, men enkelte timar er satt av til individuell undervisning. Det er og ope for spørsmål og diskusjon.

Innhald/tema: 
Utredning, diagnose og behandling. Medisinar, teknikk og hjelpemidlar. Meistring av anfall.

Trening og treningsprinsipp, avspenning. Arbeidssparande/energisparande metodar, hjelpemiddel og inneklima. Psykiske og sosiale sider ved kronisk lungesjukdom. Ernæring. Røyking. Trygderettar. Pasientorganisasjonar.

Ansvarlege:
Kurset er utarbeida i samsvar med lege, sjukepleier, fysioterapeut, sosionom og ergoterapeut.

Tilvising/påmelding:
Du kan bli henvist frå din fastlege eller frå lege ved lungepoliklinikk og frå lege på sengepost. Då vil du få invitasjon med dato, program, kurslokale og anna relevant informasjon frå lungemedisinsk klinikk. Du må så sjølv melde deg på opplæringa.

Kontaktperson:
Sonja Eriksen tlf: 7015640

Ansvarlig lege: Finn Wammer, Erik Liaaen.

Om kostnader og refusjon i samband med kursdeltaking, sjå her

Til medisinsk poliklinikk for lungesjukdommar her

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.03.2012 14:03

Kolbjørn Gjære