-
Avdelinga er under leiing av avdelingssjef Mona Ryste. Fagleg ansvarleg er overlege Helge Ose Velle. Det er etablert eit avdelingsråd/kvalitetsråd der avdelingssjef, avdelingssjukepleiar sengeposten og poliklinikken, verneombod, sjefsfysioterapeut og overlege møter. Møta vert haldne ca kvar 4.veke.
Avdelinga har ca 65 årsverk.
Medisinsk avdeling har ei stabil og fagleg dyktig personalgruppe.
Overlegane har faste polikliniske dagar. Spesialistane innan områda diabetes/ hjerte/ lunge har ansvaret for kvar sine sjukepleiedrivne poliklinikkar.
Sengeposten har 33 senger. Vi har 7 einerom, 3 rom med to senger og resten er rom med 4 senger.
Medisinsk avdeling er ei generell medisinsk avdeling. Vi har spesialistar innan fagområda lunge, mage/tarm, hjerte, geriatri, hematologi og nyre.
Medisinsk avdeling har særs høg aktivitet. Trass i ein travel kvardag har vi som målsetting å gi den einskilde pasienten behandling av høg kvalitet. Både pasientane og deira pårørande skal bli møtte med respekt og omsorg. God og rask informasjon er eit satsingsområde for avdelinga.