”Rehabiliteringsløftet”
Kompetanseløft på rehabilitering av hjerneslag.
Dette er eit samhandlings- og utviklingsprosjekt som er forankra i medisinsk klinikk Helse Sunnmøre, Mork Rehabiliteringssenter og kommunane på Søre Sunnmøre.
Bakgrunn
Hjerneslag representerer ei stor utfordring for den einskilde som blir råka, for pårørande, for helsetenesta og for samfunnet. Ein reknar med at om lag 15 000 blir råka av hjerneslag kvart år i Noreg. Slag er den tredje hyppigaste dødsårsaka, og den vanlegaste årsaka til funksjonshemming hos vaksne i den vestlege verda. Hjerneslag gir store samfunnsøkonomiske konsekvensar, ein anslår at dei samla årlege kostnadane er på 7-8 milliardar kroner. Kostnadane kan bli redusert gjennom behandling og rehabilitering som reduserer funksjonshemminga. Sjansen for å få hjerneslag aukar med alderen, og sidan andelen eldre aukar, reknar ein med at talet på slagramma vil auke med 50 % fram mot 2030 dersom ein ikkje får til ei meir effektiv førebygging.
Utfordringar
I dei nye nasjonale retningslinene for behandling og rehabilitering av hjerneslag som kom i 2010 er organisering av effektive behandlingskjeder viktig. Det overordna målet for organiseringa av tilbodet til slagramma er at det skal vere eit effektivt og heilheitleg behandlingstilbod som ivaretek ulike behov gjennom ulike fasar, frå sjukdomsdebut, via akuttbehandling, rehabilitering, førebygging av nye hjerneslag, og vidare oppfølging tilbake til eit meiningsfullt liv.
Målsetjing
Pasienten med hjerneslag skal få kvalitativt gode og likeverdige rehabiliteringstenester både i første- og andrelinetenesta i tråd med nasjonale retningsliner for hjerneslag, og med basis i samhandlingsavtalane mellom Helse Sunnmøre og kommunane.
For å få til dette vil vi:
- Sikre kompetanseutveksling på rehabilitering av hjerneslag, bl.a. gjennom gjensidig læring mellom alle aktørar. Kommunane kan lære meir spesifikt om rehabilitering av hjerneslag frå spesialisthelsetenesta, medan spesialisthelsetenesta kan lære meir om kva som er viktig og korleis ting fungerer/moglegheiter i kommunane. Både kommunane og spesialisthelsetenesta kan lære mykje gjennom å samarbeide med pasient og pårørande.
- Sikre at gode samhandlingsmodellar og oppgåvefordeling mellom dei sju kommunane og dei spesialiserte tilboda i Volda også involverer pasientar og pårørande. Eit tiltak kan vere å utarbeide gode pasientforløp som sikrar at kontinuitet for den slagramma, også blir vidareført attende i heimkommunen. Dette i tråd med dei nasjonale retningslinene for rehabilitering av hjerneslag.
- Samhandle om å finne gode fleksible løysingar på behovet den slagramma har for rehabilitering, og for vedlikehald av funksjonsnivå. Dette kan til dømes vere meir ambulant verksemd.
- Sikre optimal ressursutnytting på Søre Sunnmøre ved å sjå dei tilgjengelege ressursane under eitt og søke utvikle nye løysingar på tvers av både kommune- og nivågrenser
Prosjektet er finansiert som ei tredeling mellom Helse Midt Norge RHF, Helse Sunnmøre og dei 7 kommunane. Planen er at det skal vere eit treårig prosjekt. Det er tilsett prosjektleiar som er utdanna sjukepleiar, frå 01.01.12 får ein i tillegg med ergoterapeut i full stilling. Det blir arbeidd med å tilsette nevropsykolog i prosjektet.
Kartleggingsarbeidet er starta opp og vil ta føre seg aktivitetar, ressursar og mulegheiter i alle dei sju kommunane, spesialisthelsetenesta og NFS (Norsk forening for slagrammede) si gruppe på Søre Sunnmøre. Ei slik kartlegging er naudsynt for å kunne gjere eit best mogleg arbeid vidare med prosjektet. I prosjektarbeidet vil ein ha fokus på reell likeverd mellom partane. Ein jobbar for at å få forsking inn i prosjektet og å kunne gjennomføre systematisk og målretta lærings- og utviklingsprosessar. Vi ser føre oss at ei fylgjeevaluering vil vere eit tenleg hjelpemiddel til dette.
