Hopp til hovedinnhold
Om oss

Radiologisk avdeling - Molde og Kristiansund

 

Ved Radiologisk avdeling Molde og Kristiansund sjukehus i Helse Møre og Romsdal, tilbys eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans). I tillegg tilbyr vi angiografi (bilete av blodårer) og mammografi (røntgenbilete av bryst) ved Molde sjukehus.

Vi deler nettverk med alle sjukehusa i Helse Midt-Norge. Dersom ein pasient til dømes raskt må overflyttast til St. Olavs Hospital i Trondheim, så vil legar ved St. Olavs Hospital ha tilgang til både bilete og svar så snart undersøkinga er avslutta her.

Stadig fleire av legekontora i distriktet er også kopla opp mot sjukehusa i føretaket. Desse har ikkje tilgang til biletarkivet vårt, men kan få svar på undersøkingar overført elektronisk, noko som gjer at svara blir raskare tilgjengelige for legekontora.

Helseføretaket har akutt-funksjon med radiografar og røntgenlegar på vakt heile døgnet.

Behandlingseiningar

  • Enhet for radiologi Molde

    Radiologisk avdeling i Molde har 10 laboratorier for undersøking og tilbyr eit breidt utval av tilbod til pasientane innan diagnostisk røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk ressonans), angiografi (bilete av blodårane) og mammografi ..

Organisering

Lenker

 

Fritt sjukehusvalg.no

 

NHI.no- den nye Pasienthåndboka

 

Helsefilm .no- for foreldre og barn

 

Pasienttransport

 

Radiografforbundet 

 

Radiologforeningen


Kontakt oss

Radiologisk avdeling - Molde

Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
Parkvegen 84
6407 Molde

Tlf. radiologisk ekspedisjon Molde: 711 22395 (telefontid kvardagar 09.00-15:00)

E-post: Radiologisk avdeling - Molde (Personopplysningar må ikkje sendast på e-post)

 

Radiologisk avdeling - Kristiansund

Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund sjukehus
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund

Tlf. radiologisk ekspedisjon Kristiansund: 711 22450 (telefontid kvardagar 09.00-15.00)


E-post: Radiologisk avdeling - Kristiansund (Personopplysningar må ikkje sendast på e-post)