Hopp til hovedinnhold
Om oss

Revmaskolen

Kurs for vaksne med nyoppdaga betennelsesaktig revmatisk sjukdom (leddgikt, psoriasisleddgikt, ankyloserande spondylitt/Bekhterev, Sjøgren)

Revmaskolen har tre ulike kurs i regi av revmatologisk avdeling

Leddgiktskurs
Bekhterevkurs
Sjøgrenkurs

 

For kven

Kursa er spesielt tilrettelagt for dei som har nokså nyoppdaga skjukdom (i løpet av dei sista par åra)

 

Kva kan du lære

Føremålet med kursa er at deltakarane skal få kunnskap om sjukdommen og ulike typar behandling, og at dei skal vite kva dei sjølv kan gjere for å leve best mogleg med sjukdommen i kvardagen. Dei skal også kjenne seg trygg på når dei bør kontakte helsepersonell som fylgje av sjukdommen eller behandlinga.

 

Korleis arbeider vi

Leddgiktskurset og Sjøgrenkurset går over to påfølgande dagar, kl 10-15.30, mens Bekhterevkurset går over ein dag, fra kl 10-17.

Undervisningsforma varierer mellom forelesingar, aktivitet individuelt og i grupper, og utveksling av erfaringar.

 

Innhald/tema

Sjukdomslære, medikament, kosthald, daglege aktivitetar, fysisk aktivitet, trygderettar, naturlege psykiske reaksjonar i høve til kronisk sjukdom.

 

Samarbeidspartar

Norsk Revmatikerforbund
Kursa er utvikla i samarbeid med brukarar og Lærings- og meistringssenteret.

 

Tilvising/påmelding

For å kunne delta treng du tilvising frå fastlegen din eller behandlande lege i Helse Sunnmøre. Tilvisinga blir registrert i ei venteliste, og du får innkalling med meir detaljert informasjon om dato for kurset, program, kurslokale og anna informasjon.

 

Tilvisinga skal sendast til

Ålesund sjukehus
Revmatologisk avdeling
6026 Ålesund

 

Kontaktperson

Kristin Grepstad Mørkeseth Tlf: 70 10 54 00

 

Praktisk informasjon

Du betaler eigenandel som ved ein poliklinisk konsultasjon kr (307,- pr 2010), eller registrerer frikort dersom du har det. Pårørande betaler ikkje eigenandel.
Betaling for mat på kurset: kr 50,- pr dag pr person. Det same gjeld for pårørande. Du får tilsendt ein giro for betaling både for deg og pårørande.

Timeekspressen og alle andre bussar i området i og rundt Ålesund går innom busslomma ved sjukehuset i Ålesund.

Brosjyre om Revmaskolen

 

Reise- og opphaldsutgifter

Opplæring/kurs i regi av spesialisthelsetenesta er likestilt med behandling/undersøking.

 

Pasient

Når det gjeld godtgjering av reise er hovudregelen at du får dekka billigaste reisemåte med rutegåande transportmiddel dersom du bur meir enn 3 km unna. Dersom du treng ekstraskyss/drosje, det vil sei ikkje kan nytte offentleg transportmiddel, må du ta kontakt med din fastlege/behandlar for å få rekvisisjon til reise, eller Pasientreiser på telefon: 05515.

Eigendel er kr 125,- kvar veg pr 2010. Registrerast på eigendelskortet. Gjev grunnlag til opptening av frikort.

Du kan få godtgjering til kost dersom du må vere borte frå heimen i 12 timar eller meir. Kr 175,- pr døgn pr 2010.
Du kan få godtgjering til overnatting a) når det er naudsynt for å kunne delta b)ved kurs/behandling over to eller fleire dagar og når utgiftene samla sett blir lågare enn om pasienten vel å reise fram og tilbake til bustad/opphaldstad mellom kvar kursdag. Inntil kr 310,- pr døgn pr 2010

 

Pårørande

Reglane om utgiftsdekning for reise-og opphald gjeld også pårørande som vert invitert til kurs/opplæring i regi av spesialisthelsetenesta. Pårørande som deltek som naudsynt ledsagar skal ikkje betale eigendel for reise.

Tap av arbeidsinntekt:
Når pårørande vert invitert/innkalla eller deltek som naudsynt ledsagar i samband med opplæring i regi av spesialisthelsetenesta, kan dei få arbeidsgodtgjersle med kr 90,- pr time inntil 8 t pr døgn pr 2010 om dei dokumenterer tapt arbeidsforteneste. Det fins også nokre særskilte unntaksreglar om ein liten kompensasjon, når tapt arbeidsforteneste ikkje kan dokumenterast.

 

Reiserekningsskjema

Pasient og pårørande må fylle ut reiserekningsskjema kvar for seg og sende inn til Pasientreiser. Adressa står på reiserekningsskjemaet, evt ferdig adressert konvolutt. Legg ved alle kvitteringar for utgifter i samband med reise og evt opphald.

Det er viktig å legge ved oppmøtestadfesting (giro for betalt eigendel eller eige skjema for stadfesting av oppmøte). Må vere datert, signert og stempla.

Pårørande/naudsynt ledsagar må hugse å krysse av rubrikken ledsagar på skjemaet. Viss pårørande krev godtgjersle for tapt arbeidsforteneste, må dokumentasjon frå arbeidsgivar

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 20.12.2010 09:41

Solveig Lilleberg