Korleis når du oss ?
- Ring 71 12 29 00 og be om å få snakke med ein av oss.
- Eller be behandlaren, fastlegen eller helsesøster om å sende tilvising eller ringe oss.
- Du finn oss på Knausen, 3.etg. ( Psykiatrisk poliklinikk)
Kva er DBT ?
- Eit program som er utvikla av den amerikanske psykologen Marsha Linehan.
- DBT er forkorting for Dialectical Behavior Therapy.
- DBT er eit program som er spesial-laga for menneske som slit med ustabile kjensler og sjølv-øydeleggande handlingar.
- DBT har vist god effekt for personar som har slike vanskar.
- DBT er opptatt av kva vi tenkjer, føler og gjer her og no.
- DBT balanserer ting mot kvarandre i staden for berre å tenkje svart-kvitt, og ser heilskap i staden for berre delar.
- DBT søkjer etter løysingar på problema.
- DBT baserer seg på at vi alle er menneske, som er like mykje verd.
DBT-poliklinikken R.O.B.U.S.T
- Er for deg som er villig til å jobbe for å få eit liv som er verd å leve.
- Vi tenkjer at du er heilt OK, og at du treng å lære fleire måtar å takle vanskar på.
- Vi tenkjer at alt du treng for å lukkast, det har du inni deg.
- Vi veit at det ikkje er lett å komme ut av ein håplaus situasjon.
- Hvis du vil satse, vil vi gjerne gå vegen saman med deg.
- Vi er ein del av psykiatrisk poliklinikk på Molde sjukehus.
- Vi er eit tilbod til vaksne over 18 år.
- Vi har lege, psykologar, sosionom og helsesekretær.
- Vi kan ikkje trylle, eller operere bort det som gjer vondt.
- Vi er utdanna til å vere ”væpnar” for deg i kampen for det nye liv ditt.
- Det er heilt OK at du tar med deg nokon dei første gongane.
- Du kan komme her nokre gongar til orientering utan at du eller vi er forplikta til å fortsette.
- Vi kan komme og fortelje om oss på arbeidsplassen din, skolen din, avdelinga di.
Kva forventar vi av deg?
- At du tar kontakt (tilvising frå lege er ikkje nødvendig i første omgang)
- At du er innstilt på å bygge eit liv som du synest er verd å leve.
- At du er innstilt på å kjempe mot gamle strategiar, som sjølvskading, svelting, over-eting, sjølvmordsforsøk og rus.
- At du er villig til å delta i ei gruppe der du lærer nye mestringsstrategiar.
- At du er villig til å samarbeide med ein terapeut i samtaletimar.
- At du er villig til å arbeide med heimeoppgaver mellom timane.
Brosjyre om ROBUST, klikk her