Hopp til hovedinnhold
Om oss

Personvernerklæring

Helse Møre og Romsdal HF sine heimesider samlar i nokre samanhengar inn, og lagrar, opplysningar om deg som bruker. Her er ein oversikt over korleis dette skjer og korleis dataa blir lagra og kva dei blir brukt til.

Loggfiler på våre web-servere:

Våre web-servere logger all bruk. Dette betyr at følgjande data blir lagra hos oss når du besøker våre heimesider:

  • Din IP-adresse
  • Din nettlasertype
  • Din internettleverandør
  • Tidspunkt for bruk av løysningen
  • Kva for ei side du kom frå og kva for side du går til (den lenka du trykkjer på)

Loggfilene kan bli brukt til å analysere bruksmønsteret av løysninga (f.eks. finne ut kor mange som besøker oss og til kva for tid på døgnet dei er mest aktive). Loggfilene kan og bli brukt til eventuell feilsøking og administrasjon/konfigurasjon av løysningane.

Loggfilene kan bli lagra i lang tid på våre servere for å kunne gi et godt statistiske datagrunnlag.

Loggfilene kan ikkje spores tilbake til deg som ein bestemt person. Dette krev i så fall at du gjer tilgang til informasjon som vi ikkje har i dag. Administrator har tilgang til loggfilene, og ingen andre får tilgang til desse.

Statistikkløysningar:

Vi nyttar statistikkløysningar fra Extractor (http://www.onlineservices.no/faq.asp): Xtractor: har ingen publisert personvernerklæring. Helse Midt-Noreg har avtale med leverandøren at berre Helse Midt-Noreg har tilgang til lagra data.

Andre personlege data:

Vi verken samlar inn eller lagrar andre personlige data, f.eks. namn eller e-postadresser, utan at du sjølve som brukar godtek det. Løysningar som samlar inn slike data, nyttar desse data berre til det som er oppgitt i løysninga (for eksempel "Jobbsøk"). Administrator har tilgang til dataa, og dei blir ikkje videresend eller utlevert til andre utan brukarens godkjenning.

På våre heimesider (www.helse-mr.no) har vi ingen løysningar som lagrar eller behandlar sensitive pasientdata. Sjukehusa har eigne interne system for behandling av pasientdata. Berre autoriserte brukarar har tilgang til slike system.

Løysninger som krev at personlege data samlast inn:

  1. Redaktører i løysningen:
    Brukarnamn, passord (kryptert), namn, e-post, telefonnummer, rolle og arbeidsstad blir lagra så lenge han/hun er redaktør. Ein redaktør er normalt tilsett i Helse Møre og Romsdal HF.
  2. Nyheitsbrev:
    Sjå http://www.helse-mr.no/abonnement
    Vanlege lesarar kan gi si e-postadresse, og få nyheitsbrev tilsendt på e-post. E-postadressa blir lagra inntil brukaren sjølv meldar seg av abonnementstenesta (informasjon om dette er gitt i tilsendt e-postbrev når du teiknar abonnement).
  3. Jobbsøk:
    Sjå http://www.helse-mr.no/jobbsok/
    Vi brukar ein elektronisk løysning frå Webcruiter for utlisting/visning og søknad/behandling av ledige jobbar i helseføretaket.
    For å søke på jobbar må du logge deg inn med brukarnamn og passord. Du får informasjon og brukarrettleiing om dette når ein aktuell jobb blir valt. I tillegg må det registrerast ei rekke relevante data i samanheng med ei fullstendig jobbsøknad.
    Skjermbilete som viser eksemplar på kva for data som må registrerast i Webcruiter (raud stjerne i skjemaet angir obligatoriske felt):
    * Registrering av CV
    * Registrering av vedlegg
    I tillegg viser skjermbileta over kva andre områder det kan registrerast data på (sjå mappefanene over sjølve skjemaet).
    Løysninga nyttar sikker tilkobling med "HTTPS" og "SSL" (meir om dette lenger ned i denne artikkel).
    Sjå og: Personvernerklæring frå Webcruiter
  4. Skjemaløysningar:
    Ulike skjema (f.eks. spørjeundersøkingar og tilbakemeldingsskjema) kan være nytta for innsamling/behandling av data. Ingen av disse dataa lagrar/behandlar sensitive data eller personopplysningar. Unntak er omtalt på denne sida, og du vil bli gjort merksam på at dette skjer eksplisitt. Innsamling av personopplysningar skjer i eigne løysningar, og du bestemmer sjølve om slike data skal gis (f.eks. "Jobbsøk").
    Noen av våre sider kan innehalde skjema som f.eks. eit vedlegg i PDF-format. Disse skjema skal enten fylles ut på skjermen og deretter skrives ut eller skrives ut på papir for vidare utfylling. Data som fylles inn blir ikkje lagra på www.helse-mr.no. Vidare behandling av slike skjema skal skje i samsvar med opplysningar i websida eller på skjemaet.
  5. Ekstranett (som "Styreadministrasjon" og "Brukarutval"):
    Sjå: https://ekstranett.helse-midt.no/1006/default.aspx
    Lesing av innhaldet krev vanlegvis ikkje pålogging, men tilgang til saker som er unntatt offentlegheit, og tilgang til å redigere innhald, krev pålogging. I slike høve er fornamn, etternamn, brukarnamn, passord (kryptert), e-postadresse og eventuelt telefonnummer, stilling/rolle og tilsvarande data lagra i den interne brukardatabasen. Løysninga nyttar HTTPS og SSL for å koble til på ein sikker måte. Personlege data lagrast så lenge brukaren skal ha tilgang. Dette administrerast av Helse Møre og Romsdal HF og Helse Midt-Noreg.
  6. Sosiale media (Facebook, Twitter, Flickr, YouTube o.l.):
    Nokre av våre nettsider har lenker til f.eks. Facebook. Disse eksterne løysningane (også nemnd sosiale media) kan i enkelte tilfeller krevje at du gir brukarnamn/passord, og logger inn (f.eks. pålogging i Facebook for å trykke "Likar" eller kommentere ei av våre nettsider). Data som samlast inn og lagrast i den samanheng blir handtert av dei respektive sosiale meda og du må ta stilling til om du vil godta deira retningslinjer for datahandtering som kvar av de enkelte løysningane har.
  7. Kommentarfunksjon:
    Vi nyttar kommentarfunksjonen frå Disqus.com. For å legge inn ein kommentar til ei nyheit eller anna kan du bli beden om brukarnamn og passord. Kommentarløysningan tilbyr ulike innloggingsløysningar. Meir informasjon om Disqus, sjå http://docs.disqus.com/help/30/.
    Redaksjonen i www.helse-mr.no kan slette upassande kommentarar.
  8. MinArbeidsplan:
    http://minarbeidsplan.no/ og https://minarbeidsplan.hemit.no/
    Dette er interne løsninger for tilsette i Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal HF. Redaksjonen på www.helse-mr.no har ikkje ansvar for MinArbeidsplan.
  9. Andre løysningar:
    På nokre av våre nettsider kan det være lenker til andre eksterne løysningar enn de som er omtalt ovanfor. Helse Møre og Romsdal HF kan ikkje ta ansvar for innhald/data i slike løysningar. Kjente løysningar i Helse Midt-Noreg nyttar domenenamn som oppgitt i avsnittet "Domenenamn" nedanfor.

Domenenamn:

Helse Møre og Romsdal HF benytter domenenavnenet helse-mr.no og har www. helse-mr.no som URL til vår heimeside.

Vi deler både innhald og tekniske løysningar med andre føretak i Helse Midt-Noreg. Disse har eigne domenenamn og i noen tilfeller kan vi lenke til disse, eller innhald hentes inn i www. helse-mr.no. Andre aktuelle domenenavn i Helse Midt-Norge:

  • stolav.no (St. Olavs Hospital HF)
  • helse-midt.no (Helse Midt-Noreg RHF)
  • ekstranett.helse-midt.no (ekstranett for HMN)
  • hemit.no (Helse Midt-Noreg IT)
  • hnt.no (Helse Nord-Trøndelag HF)
  • rus-midt.no (Rusbehandling Midt-Noreg HF)
  • sykehusapoteket.no (Sjukehusapoteka i Midt-Noreg HF)
  • ambulanse-midt.no (Ambulanse Midt-Noreg HF)
  • helsebygg-midt.no (Helsebygg Midt-Noreg)

Andre tilknytta/integrerte løysningar vi gjer bruk av:

  • webcruiter.no (Jobbsøk)
  • minarbeidsplan.no (intern løsning for ansatte)
  • ustream.tv (Nett-TV)

Andre domenenamn i adressefeltet i din nettlesar kan bety at du ikkje nyttar ein av Helse Møre og Romsdal HF sine kjente nettløysningar. Helse Møre og Romsdal HF kan ikkje ta ansvar for innhald/data i slike løysningar.

HTTPS og SSL:

HTTP og SSL er teknikkar for å opprette sikre tilkoblingar mellom deg og nettstader på internett (meir informasjon om dette – sjå: http://no.wikipedia.org/wiki/HTTPS).

I adressefeltet i din nettlesar vil det stå "https://" heilt i starten.

Frå www.helse-mr\.no har vi integrasjon mot nokre løysningar som nyttar HTTP/SSL:

  • Jobbsøk (se over)
  • Ekstranett (se over)

Informasjonskapslar (engelsk: cookies):

Når du besøker våre heimesider, kan det bli lagra informasjonskapslar på di datamaskin. Innhaldet i slike informasjonskapslar kan også bli send tilbake til våre serverar og lagra der. I samsvar med lov om elektronisk kommunikasjon (25. juli 2003), skal alle som besøker eit webområde med informasjonskapslar, få informasjon om at webområdet inneheld informasjonskapslar, og kva disse informasjonskapslane nyttast til og korlesi informasjonskapslar kan unngåast.

På Helse Møre og Romsdal HF sine heimesider brukast informasjonskapslar i følgjande høve:

  • Om du ikkje er pålogga, og du svarer på/sender inn skjema, vil ein informasjonskapsel bli sendt til din datamaskin for å bekrefte at du har svart på skjemaet
  • Når du logger deg på som redaktør brukast informasjonskapslar til å lagre påloggingsinformasjonen din. Om du seier nei til informasjonskapslar ved pålogging, vil påloggingsruta komme til syne for kva ny side som krev pålogging
  • Om du endrar språk, lagrast det ein informasjonskapsel som fortel systemet kva for eit språk som er gjeldane for dei sidene du besøker
  • Informasjonskapslar nyttast for å samle informasjon om korleis heimesidene nyttast, kva for server maskinen din er kobla til, kva for nettlesar du nyttar og kor ofte du besøker sidene. Informasjonen nyttast for å optimalisere heimesidene for besøkande.
  • Våre heimesider har ein funksjon for å auke skriftstørrelsen i nettlesaren. Om du trykker "Større skrift"-lenka øvst på sida, vil ein informasjonskapsel bli brukt for å få funksjonen til å virke.

Du kan i din nettlesar velje å deaktivere bruk av informasjonskapslar, men då vil nettsidene kanskje ikkje fungere optimalt. For å unngå informasjonskapslar frå Helse Møre og Romsdal HF sine heimesider kan du:

  • La være å svare på skjema
  • La være å logge inn
  • Avslutte besøket på heimesidene