Helse Møre og Romsdal ønskjer å gi eit samordna tilbod til innbyggjarane. Stundom kan det vere krevjande for både pasient og pårørande å finne fram til informasjon om tilbod, rettar med meir. Difor har vi laga eigne nettsider som vi vonar vil vere deg til hjelp. På fleire av sidene finn du også lenkjer til meir informasjon på andre nettstader, til dømes hos Sosial- og helsedirektoratet. Desse lenkjene finn du som regel til høgre på sida.