Hopp til hovedinnhold
Pasient

10 tips for å snakke med barna om sykdommen

1. Stol på deg sjølv

Du vil finne din personlege måte å snakke på og til å gi støtte til borna dine gjennom vanskelege tider. Sjølv om du kanskje ikkje heilt klarer å verne borna dine så mykje som du ønskjer, kan du hjelpe dei til å meistre vanskane i livet betre. Berre gjer ditt beste.

 

2. Ha tillit til barnet ditt si evne til å forstå og til å takle vanskane.

Ver trygg på at jenta eller guten din er både sterke og uthaldande.
Nedanfor er det fleire råd/tips om korleis du bør førebu deg på å snakke med barnet ditt, slik at du ved å vere open og ærleg kan styrkje barnet ditt si evne til å meistre.

 

3. Ver tilgjengeleg for barnet

Set av tid til å snakke med barnet når det sjølv ønskjer å snakke.

 

4. Skaff den hjelpa du treng

Før du snakkar med borna dine, ønskjer du kanskje å rådføre deg med familie og venner. Du kan også snakke med ein sosionom, prest, barnelege, sosiallærar på skulen, og/eller foreldre i tilsvarande situasjon. Du kan finne det nyttig å gå til bøker og nettstader og/eller å få kontakt med støttegrupper. (Sjå tilvising nedanfor)

 

5. Gå i gang

Du kan utsetje å snakke med borna til du føler deg førebudd og klar, men det er truleg best å ikkje vente for lenge med den første samtalen. Born kan merke når noko er annleis. Viss du ikkje begynner å snakke, blir dei usikre.

 

6. Ver merksam på ymt og vink

Oppmuntr barnet til å stille spørsmål. Gjer ditt beste for å svare enkelt. Prøv å ikkje overvurdere alderen, modningsgraden, evna til å forstå og behovet for å vite hos barnet ditt.

 

7. Hald fram med å snakke

Sjukdom er ein prosess, og over tid vil det oppstå mange høve til å snakke om livet, sjukdom, medisinsk omsorg og om det å døy. Bruk desse stundene til å gjere det mogleg for familiemedlemmer å snakke og reflektere. Finn måtar å ha ein open kommunikasjon, slik at borna kan stille spørsmåla sine og gi utløp for kjensler, angst og uro.

 

8. Finn vaksne som kan vere støttespelarane dine.

Gi dei høve til å vere dine auge og øyre og til å informere deg om dei erredde for korleis borna kan tilpasse seg sjukdommen. Slike støttespelarar kan vere lærarar, sosiallærarar, helsesystrer og foreldre til borna dine sine venner.

 

9. Kom ein eventuell kronisk fase i forkjøpet

Du kan kome til å leve lenge med sjukdommen din, endå om det kan vere vanskelig å tru den første tida etter at du har fått vite at du har ein alvorleg sjukdom. Det kan kome tider der sjukdommen går tilbake og blir mindre viktig.. Gjer ditt beste for å hjelpe familien din til å nyte desse gode tidene.

 

10. Sjå uvisse på førehand, og finn måtar å takle henne på.

Det kan oppstå situasjonar der du rett og slett ikkje veit kva som kjem til å skje med deg. Det kan bli nødvendig for deg å seie til borna dine: "Eg veit det faktisk ikkje" Oppmuntr dei då  til å dele håpa dine for framtida med deg, og hjelp dei til framleis å leve og vere kjærlege trass i uvissa.

 

Tilbake til hovudsida for born og unge som pårørande

 

Les også:

Til foreldre og føresette

Rettar for born og unge som pårørande

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 08.07.2011 15:35 Oppdatert: 22.06.2011 09:31

Solveig Lilleberg

Tips til bøker, nettsteder og støttegrupper

Dyregrov, A. (2004): Barn og traumer. En håndbok for foreldre og hjelpere. Bergen: Fagbokforlaget

Holmsen, M. (2006): Mens Rasmus er på sykehus. Oslo: Cappelen 

www.vfb.no

www.barnsbeste.no

Sorggrupper for barn og ungdom som mistet et familiemedlem eller annen nærstående person finnes. Ta kontakt med personalet for mer informasjon.

Gruppetilbud for barn og ungdom som pårørende under sykdomsprosessen er under planlegging.