Det er vanleg å bli bekymra viss nokon du står nær, er på sjukehus, anten det er mamma, pappa, sysken eller ein annan som du kjenner godt. Når vi er leie oss for noko, kan kjenslene vise seg sterkare enn til vanleg.
Vi kan til dømes bli fortare sinte eller gråte lettare enn elles. Men det kan også hende at vi ikkje føler noko spesielt. Du kjenner deg kanskje att i noko av dette. Det er i så fall ikkje noko å skamme seg over. Det er nemleg heilt normalt.
Konsentrasjonsvanskar
Nokre kan oppleve at det er vanskeleg å konsentrere seg på skulen, vanskeleg å hugse det dei les eller det som blir sagt, til dømes beskjedar.
Sinne
Når nokon vi er glade i, blir sjuke, kan vi føle at vi er litt sinte på den sjuke. Vi synest kanskje det er bra at den sjuke er på sjukehus, og blir passa på og får hjelp der.
Sjalusi
Det er også vanleg å vere sjalu fordi ho eller han som er sjuk, får så mykje merksemd.
Skuld
Somme føler skuld, og lurer på om noko dei har gjort eller sagt, er grunnen til sjukdommen. Men då skal du hugse at ting ikkje skjer berre fordi vi ønskjer eller tenkjer noko. Ingenting som du har sagt eller gjort, er skuld i dette.
Å tenkje på seg sjølv
Somme grublar på om det er egoistisk å tenkje på seg sjølv. Men det er helt vanleg å lure på kva som skal skje med ein sjølv eller andre i familien når nokon er sjuke. Brått veit ein ikkje kva som skjer, svært mykje blir usikkert, og det kan vere vanskelig å planleggje.
Som før
Somme synest det er rart at dei ikkje kjenner seg annleis. Men då skal du vite at det også er vanleg.
Tilbake til hovudsida for born og unge som pårørande