
Born som manglar informasjon, kan ha fantasiar om den pårørande sin sjukdom, som er verre enn den faktiske tilstanden. Nokre kan til og med gi seg sjølv skulda for sjukdommen.
Det er viktig å snakke med barnet eller ungdommen, og å få vite kva ho eller han tenkjer om situasjonen. Når vi informerer born og ungdom om sjukdom og behandling, kan det bli lettare for dei å meistre den nye situasjonen i familien.
Hugs å vere ærleg og konkret når du informerer og svarer på spørsmål. Born reagerer forskjellig avhengig av alder, og det må vi ta omsyn til når vi snakkar med dei..
Born og ungdom kan også trenge å få råd om kva dei skal svare når folk i nærmiljøet spør.
Kontakten med den som er sjuk
Generelt kan det vere viktig at born og ungdom så tidleg som råd kjem på besøk på sjukehuset. Viss det er vanskeleg å få til på grunn av lang reiseveg eller anna, kan det hjelpe å få høyre røysta til den sjuke på telefon.
For at born skal forstå betre kvar den sjuke er, går det an å sende bilete frå sjukehuset, avdelinga og/eller av den sjuke.
Respekt for barnet/ungdommen sitt val
Vi rår til at born og ungdom kjem på vitjing, men vi må ikkje tvinge dei til noko dei ikkje har lyst til.. Gi barnet den tida det treng. Vi skal alltid respektere borna sine val. Vi må overtyde dei om at dei ikkje er "dumme eller slemme" viss dei ikkje vil kome. Det aukar truleg sjansane for at dei vil kome seinare.
Når born/ungdom får informasjon, har dei ikkje alltid så mykje å spørje om. Dei må sjølve få bestemme kor mykje dei vil snakke om eller ta del i. Ver merksam på dei tidspunkta då born til vanleg plar fortelje noko om seg sjølve, til dømes når dei kjem heim frå skule, eller når dei skal leggje seg om kvelden.
Informasjon til nærmiljøet
Vi rår alle til å informere helsesyster, skule og/eller barnehage, slik at borna kan bli sedde og ivaretekne i ein vanskeleg situasjon.
Besøk på sjukehuset
Born og ungdom som kjem på besøk, bør vere førebudde på korleis den sjuke har det, og dei bør også vite litt om korleis det ser ut på avdelinga.
Vi rår pårørande til å:
- seie frå til personalet på førehand når dei planlegg at barnet skal kome på besøk.
- forklare sjukdommen og behandlinga på ein lettfatteleg måte, og å fortelje barnet kva som har skjedd, for eksempel kvifor den sjuke har vorte operert osv.
- Førebu barnet på eventuelle endringar av utsjånad, stemme eller anna.
- Forklare kva utstyr som er ved senga, til dømes intravenøsslange, urinkateter og scoop.
Besøka bør vere korte, og borna må sjølve få avgjere om dei vil stå i døra eller nær senga og kor lenge dei vil vere der. Somme treng ekstra lang tid på å bli trygge i nye omgjevnader. Vi rår til at ein vaksen som dei har tillit ti,l og som har tid til å vere saman med borna, er med.
Born og ungdom ønskjer ofte å vere til nytte og glede. Dei kan ta med ei teikning eller eit bilete av seg sjølv, og få delta med å hente eit glas vatn, noko utstyr eller liknande.
Born og ungdom kan kjede seg på sjukehus. Dei fleste avdelingane har tilbod av leiker, spel eller teiknesaker. Spør personalet om dette.
Dersom barnet/ungdommen har ein smittsam sjukdom, er forkjølt med feber, eller har magesjuke, vasskoppar eller meslingar, kan ho/han ikkje kome inn på avdelinga pga. faren for å smitte pasientene.
Tilbake til hovudsida for born og unge som pårørande
Les også:
Rettar når mor eller far er sjuk
10 tips for å snakke med borna