Hopp til hovedinnhold
Pasient

Behandlingar

Helse Møre og Romsdal gir med sine fire sjukehus eit breittt lokalsjukehustilbod til befolkninga i Møre og Romsdal. Innanfor fleire fag gir føretaket også  tilbod utover lokalsjukehusnivå. Nokre av desse tilboda finst berre på eitt eller to sjukehus i føretaket. Helse Møre og Romsdal samarbeider også tett med både kommunehelsetenesta og med universitetssjukehus, til dømes St. Olavs Hospital.

For informasjon om diagnosar, undersøkingar og behandlingar, kan du gå rett til behandlingseiningar (seksjon, sengepost eller poliklinikk). Overordna informasjon om avdelingane dei tilhøyrer, kan du lese under fliken avdelingar. Sjølv om enkelte diagnosar ikkje blir behandla på våre sjukehus, men i kommunehelsetenesta eller ved universitetssjukehus, kan likevel diagnosen ofte stillast ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal, og delar av behandlinga kan skje her.

 

For utgreiing eller behandling på sjukehus, ta kontakt med fastlegen din.

For kontaktinformasjon i Helse Møre og Romsdal, klikk her
 

Behandling

Pasient-
reiser

  • Kontoret for pasientreiser tek imot tinging, og samordnar reisa di til og frå behandlingsstaden.

     

    På pasientreiser.no kan pasientar, pårørande og helsepersonell finne informasjon om pasientreiser. Informasjon om Kontoret for pasientreiser i Møre og Romsdal kan du finne under menyen "Ditt pasientreisekontor", eller du kan bruke direktelenkja nedst på sida vår.

     

    Nettstaden er eit samarbeid mellom dei fire helseregionane i Noreg.

    Pasientreiser.no

    Kontoret for pasientreiser Møre og Romsdal


     

     

Barn og unge
som pårørende

  • Når far, mor, sysken eller annan familie blir sjuke, påverkar det også born som er pårørande, og det dukkar opp mange spørsmål både hos dei vaksne og borna.

    Illustrasjonsbilde - barn som tas imot ved intensivavdeling

     

    På desse sidene finn du informasjon retta både mot dei vaksne og mot born som er pårørande til ein vaksen, som er sjuk.Her er også råd og tips som kan vere til hjelp, både om kjensler knytte til sjukdommen og om praktiske problem.

     

    Klikk på flikane for å lese om de ulike temaa.

     

Læring og
meistring

  • Når pasientar, pårørande og helsepersonell kjem saman og deler erfarings- og fagkunnskap, skjer det læring som kan bli til meistring av livet med sjukdom og nedsett funksjon.

    Opplæring av pasientar og pårørande er ei av spesialisthelsetenesta sine fire hovudoppgåver. Avdelingane ved sjukehusa har hovudansvaret for denne. Opplæringstiltak/kurs blir planlagde, gjennomførte og evaluerte i eit likeverdig samarbeid mellom pasientar/brukarar og fagpersonar. Lærings- og meistringssenteret (LMS) støttar avdelingane fagleg, praktisk og administrativt.Meir om LMS her.

    Aktivitetsplan vårhalvåret 2012

    Fotograf: Vilde Moltudal, Volda VGS
     

Kontakt oss

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 06.04.2011 16:05

Solveig Lilleberg